Ein stad for personleg vekst

YOGA | SPA | RETREATS

Drøym ditt liv, lev din draum

 

Draumar kan bli verkelege. Våg å drøyme, tenke tanken fullt ut og dele draumen med andre. Ved å lytte til ditt innerste finn du vegen, ved å respektere deg sjølv fullt og heilt blir vegen til ei personleg utvikling, og ved å tru på dine draumar kan livet bli ei spanande reise.

INTENSJONEN

Utforske

Eg ønsker å skape eit rom der du kan føle deg trygg til å opne opp, utfalde deg og finne inn til kva som er sant for deg og ditt liv. Ved å utforske dei områda i livet vi er umedvitne, og verte kjend med sider av oss sjølv vi ikkje har vekt til liv, kan vi kjenne auka energi, livslyst og medvitenheit.

Oppdage

Eg trur på at kvar enkelt person har dei beste svara på spørsmål og utfordringar i sitt eige liv. Mi oppgåve er å hjelpe deg til å oppdage dine løynde, men iboande potensiale og ressursar. Ein prosess som blant anna vil gjere det lettare å kunne foreta seg meir medvitne og hensiktsmessige valg, kjenne større friheit og kunne ta større ansvar for seg sjølv.

Her og no

Det er vanleg at vi lever store delar av livet vårt i fortid. Gjerne med dårlege erfaringar i minne. Eller i framtid, med bekymringar for det som kan skje. Det einaste vi kan påvirke er derimot notid. Ved å bringe meir nærvær inn i livet, og kjenne på kjensla av det som skjer her og no, kan vi oppleve meir energi, og merke større glede, livsutfalding og meining.

Det gode liv – sommaren

Det er juli og det er sommar, med store forventningar om at det gode liv skal toppe seg med sol, bading, familie og vennebesøk. Klarer eit par månader levere vara? Kanskje korte eller lengre turar for å sjå nye stader og kome seg litt vekk frå det vante liv. Vi er på...

les mer

Dagen i dag

Dagen i dag er en merkelig dag. Den er din. Dagen i går slapp deg ut av hendene. Den kan ikke få annet innhold enn du alt har gitt den. Dagen i morgen har du ikke noe løfte på. du vet ikke om du kan regne med å råde over den. Men dagen i dag er det eneste du kan være...

les mer

If you choose to run the race all alone
It is better to remain
at the starting point

— Rumi