Terapi, coaching & mindfulness

Eg ønsker å skape eit rom der du kan føle deg trygg til å opne opp, utfalde deg og finne inn til kva som er sant for deg og ditt liv. Ved å utforske dei områda i livet vi er umedvitne, og verte kjend med sider av oss sjølv vi ikkje har vekt til liv, kan vi kjenne auka energi, livslyst og medvitenheit.

Terapi – den gode samtalen

Kr 650,- (1t)

Samtale- og kroppsorientert terapi der følelsar blir integrert i kroppen og klienten vil erfare varige endringar av terapiarbeidet. Oppdage og bli bevisst eigne handle- og tankemønster, bli kjent med eigne følelsar, skape nye og gode mønster som gir livet meir meining og innhald samt kanskje det viktigaste i livet, hjelp til å opprette gode og sunne relasjonar til dei nærmaste rundt seg.

Eg møter klienten der den er, med eit ope hjarte og sinn. Ingen problem er for små til å ta med i terapi. Typiske utfordringar ein kjemi terapi med er angst, lavt sjølvbilete, depresjon, sorg eller det kan vere hjelp til å forløyse tidlegare hendingar som har sett seg i kropp og sinn. Ein samtaleterapeut kan vere ei god hjelp til å finne ein god veg vidare i livet. Eg har ingen agenda for terpaien, men legg vekt på at klienten skal bli meir bevisst seg sjølv, finne sine ressursar og ubevisste potensiale. Ved å integrere følelsar og opplevelsar i kroppen blir du både meir jorda, kjenner større klarheit og får også ei varig endring i ditt liv. Pris: Kr. 650,- pr. 60 minutt. Kr. 6000,- for 10 timar.

Parterapi

Kr 900,- (1t)

Ønsker du styrke parforholdet eller finne ut korleis få det betre saman? Kanskje er den første forelskinga over og de treng å sortere tankar og følelsar, hjelp til å finne vegen vidare saman? Ofte skal ein bli bevisst korleis ein kommuniserar og dermed finne ut korleis møte og sjå kvarandre meir i kvardagen. Terapi kan vere ei god investering for samlivet vidare. Eg vil som terapeut vere ein nøytral 3 dje person som lyttar og støtter i prosessar for å finne gode måtar å vere saman på. Første time varer 90 minutt, sidan 60 minutt.

Coaching

Kr 750,- (1 t)

Ønsker du hjelp til å foreta valg eller nå nye mål privat eller i arbeidslivet vil coaching være ei effektiv og nyttig hjelp. Coaching er også nyttig for å starte kreative prosessar, sjå nye moglegheiter og kome vidare i fastlåste situasjonar. Ein samtalepartnar kan belyse skjulte ressursar ein ibor og som er viktig å få auge på for å oppnå sine mål. Pris: Kr. 750 pr. 60 minutt. Kr. 7000,- for 10 gongar.

Mindfulness

Å vere mindful er å ha eit oppmerksomt nærvær. Mindfulness er eit godt verkty for å trene betre fokus, betre kontakta med seg sjelv og til andre. Mindful er å vere til stades her og no, og kjenne meir liv, mindre stress og tankekaos. Ein privattime i mindfulness inneheld kartlegging av stressfaktorar, pusteøvingar og mindfulnessøvingar. Kr. 650,- pr. 60 miutt. Grupper kr. 250,- per person pr. 60 minutt eller minimum kr. 1200,-.

Bestilling av time gjer du ved å kontakte Merete direkte på telefon 905 70 674 eller e-post life@meretesgarden.no. Avbestilling av ein time må skje seinast kl 18.00 dagen i forvegen dersom avtalt tid likevel ikkje passar. Elles blir timen fakturert kunden.