Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 05/01/2018 - 15/04/2018
18:00 - 21:00

Kategorier


Nytt tilbod er på trappene. Du kan no uavhengig av kvar du bur kome til Valldal på datofesta fredagar framover og vere med på yoga + sauna. Alt skjer i det nye badehuset her i hagen på Døving. Først gjer vi god og klassisk yoga ein times tid før vi går i sauna der du kan kjenne varmen trenge djupt inn i kroppen og bli avspent, frisk og ny. Ved å veksle mellom varm sauna og kjølande bad/dusj/snøbad sit ein igang blodomlaupet. Effekten av å veksle mellom varme og kulde gir ein god helseeffekt på heile kroppen og ein kvittar seg med forureining, stress og negative tankar.

Yoga + sauna vil vere eit velgjerande tilbud til deg som vil koble ut ei hektisk veke, styrke immunsforsvaret, kjenne deg avslappa og glad eller berre likar halde kropp og sinn mjukt og smidig samt sosialisere. Yoga og sauna inviterer deg til å vere saman både i det stille og det varme element.

PRIS: Kr. 350,-. Kjøper du 3 kveldar på førehand kostar det kr. 900,-.

NÅR: Kl. 18.00 – 21.00. 5. januar, 16.februar, 23. mars og 13.april.

PÅMELDING: Skriv kva dato du melder deg på i kommentarfeltet når du har booka. Det må vere minimum 3 påmeldte kvelden i forvegen for at det skal bli. Du melder deg på i linken under og betalar deltakaravgift til kontonr. 40602663711 eller vippsar til tlf. 90570674 når du har fått bekrefting på at det blir. Ver vennleg å merke innbetaling med «yoga+sauna».

Velkomen, med eller utan yogaerfaring. Vår vedfyrte sauna har store vindauger mot vakker natur, gir ein rund og god varme og du kan slappe av harmoniske omgivelsar i tårnet kledt i lyst opsepanel eller i loungen som har peis og innreia for å at du skal kunne slappe av og nyte naturen ute som inne.

Bookings