Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 20/04/2018
18:00 - 22:00

Kategorier


Møt våren i den vakraste utgåva av deg sjølv; Vi inviterer deg til gudinne spa med lekker mat og kroppsbehandlingar som gir den ekstra gløden samt sauna med ekte finsk saunavertinne. Vi er så heldige å få tantrisk massør og InnerLife coach Evy Otterlei til å gi oss ei smakeprøve av tantrisk massasje. I tillegg blir det honningmassasje og scrub av Agata Zych og tantrisk yoga av Merete Myklebust. Tantrisk massasje og yoga fremjar di feminime livskraft, spreier velvære i heile kroppen og gir ny bevisstheit. Eija Hoel vil innvie oss i finske kvinner sin bruk av badstue og utføre saunarituale som i seg sjølv er velgjerande for hud og sansar.

Dette blir ein kveld utanom det vanlege fylt opp av det som gjer ei kvinne vakker innafrå. Og vi håper og trur du vil kjenne deg som ny og merke velvære og glede i heile deg når du dreg herifrå.

Ein kveld med det feminime aspekt i sentrum vil innehalde:

  • Vegetarmat som mettar og smakar
  • Introduksjon om tantrisk massasje
  • Tantrisk yoga
  • Tantrisk gudinnemassasje
  • Reinsande kroppsmassasje med honning eller scrub
  • Sauna med saunarituale
  • Gudinnegåvepose
  • -20% på alle yoga-og fritidsklede

Pris inngang: Kr. 730,- inkl. middag/kaffi/te/snacks/fruktfat/yoga/gåvepose og sauna m/rituale.

Pris behandlingar: Kr. 400,- for 30 minutt.

Dette blir siste spakveld dette halvåret så ver raskt ute for å sikre deg plass. Meld deg på i lenka under her og skriv kva type behandling du ønsker i kommentarfeltet.  Det blir tid til kun 4 gudinnemassasjer! Første kvinne til mølla-prinsippet gjeld.

Treng du overnatting? Eitt rom for 2 i badehuset til leige for gunsitg pris denne kvelden

Hjarteleg velkomen til kvinner i alle aldrar.

Evy, Eija, Agata og Merete

 

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.