Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 30/03/2018
17:00 - 21:00

Kategorier


Påske og sauna kan bli ein vinnar. Enten du kjem etter ein skitur eller berre vil ta sauna og kjenne den gode avslappa kjensla i heile kroppen er du velkomen til å bruke nokre timar i vår vedfyrte sauna og delikate innreia lounge og baderom denne fredag ettermiddag. Kom sjølv eller ta med nokre vener og ha det sosialt på ein annleis måte. Eit saunaopphald i Gullåna er ei oppleving i seg sjølv. Ved å veksle mellom kald dusj eller snøbad og varm sauna vil det bli sett i gang ei healande sveitteutsondring og du vil kjenne deg avslappa og harmonisk etterpå. Her blir det gode påslag av vatn på ovnen slik at den gode sauna anden kan nytast  og nyttast fullt ut. Ta ein reinsande og svalande dusj før du går i sauna. Også anbefalt å bløyte håret for å tåle varmen betre.

Å opphalde seg i ei vedfyrt sauna er ei spesiell oppleving og heilt ulikt andre saunaopphald. Dessutan er det store vindauger som gir ei god naturopppleving når ein er her på dagtid. Vår sauna er romsleg, og du vil kjenne du kan slappe av i eit vakkert utsmykka og handsnekra rom.

Pris: Kr. 250,- pr. person inkl. handduk og kaffi/te. Enkel servering av frukt.

Tid: Kl. 17 -21.00.

Påmelding ved sms til Merete, mobilnr. 90570674.

Ope for begge kjønn.

Velkomen!