Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 02/05/2018 - 13/06/2018
18:00 - 19:30

Kategorier


Yoga om våren er heilt spesielt. Då vi kan vere ute i drivhuset  og merke lukter, lydar og lyden av elva medan vi gjer yoga. Her får vi mykje ekstra for kropp og sjel i tillegg til sjølve yogaen. Dei første kveldane blir nok likevel innandørs, alt etter kor kaldt/varmt det blir ute.

Kurset vil lære deg gode yogaøvingar for å ta vare på kropp og sinn. Kurset heiter Yoga Balanse der ein vil ha særleg vekt på å gradvis trene opp god balanse. Balanse, styrke samt smidigheit er egenskapar som er særs viktige for oss å halde i hevd og i yoga øver vi mykje stillingar som har fremjar desse viktige funksjonane. Du vil elles lære mange gode tøyingar og vi vil vidare ha fokus på pust, vår viktigaste kjelde til meir energi og ro, samt meditere for å utvikle meir bevisstheit og harmoni.

Mange yogadeltakarar på tidlegare kurs har ma. meldt om betre søvn, meir bevisstheit på pust og kjenner seg meir glad og avslappa etter ei økt med yoga.

Yogakurs er sundt på mange vis, også fordi det er ein gruppeaktivitet har det ein helsefremjande effekt på oss.

Ein kurskveld vil sjå slik ut:
Kort avspenning – yogaøvingar – pusteøvingar – meditasjon – lengre avspenning.

FOR KVEN: Kurset vil vere tilpassa heilt nye utøvarar av yoga, men har du litt erfaring frå før vil du også få utbyte av kurset.

NÅR: Onsdagar kl. 18.00 – 19.30

KVAR: Døvingssida 10.

YOGALÆRAR: Merete Myklebust

PRIS: Kr. 1100,- pr. person for 6 x 90 minutt.

 

Velkomen!

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.