Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 19/03/2018 - 30/04/2018
16:00 - 17:30

Kategorier


Du kan no delta på yoga i Norddal bygda, på Norddalstunet. Kurset vil lære deg gode yogaøvingar for å ta vare på kropp og sinn. Kurset heiter Yoga Balanse der ein vil ha særleg vekt på å gradvis trene opp god balanse. Balanse, styrke samt smidigheit vil naturleg bli svakare til eldre ein blir og difor er yoga eit godt reiskap for å halde ved like og betre desse viktige funksjonane. Du vil lære mange gode tøyingar, enkle styrke- og balanse øvingar. Vi vil vidare ha fokus pust, vår viktigaste kjelde til meir energi og ro, samt meditere for å utvikle meir bevisstheit og harmoni. Yogaprogramma vil passe seniorar og deg som ønsker roleg yoga.

Mage yogadeltakarar på tidlegare kurs har ma. meldt om betre søvn, meir bevisstheit på pust og kjenner seg meir glad og avslappa etter ei økt med yoga.

Ein kurskveld vil sjå slik ut:
Kort avspenning – yogaøvingar – pusteøvingar – meditasjon – lengre avspenning.

FOR KVEN: Kurset vil vere tilpassa heilt nye utøvarar av yoga, men har du litt erfaring frå før vil du også få utbyte av kurset.

NÅR: Måndagar kl. 16.00 – 17.30

KVAR: Norddalstunet, Norddal.

YOGALÆRAR: Merete Myklebust

PRIS: Kr. 1100,- pr. person for 6 x 90 minutt.

Det er første gong det blir arrangert yogakurs i Norddal og eg gler meg til å bli kjent med mange nye ansikt. Yogakurs er sundt på mange vis, også fordi det er ein gruppeaktivitet har det ein helsefremjande effekt på oss.

 

Velkomen!

Bookings