Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 18/05/2018 - 20/05/2018
Hele dagen

Kategorier


Årets første yoga workshop blir i år som i fjor i mai, ein vakker månad med mykje liv og glede. Her kan du kome og følge fleire økter yoga om dagen, dybdeavspenning, djupe pusteøvingar og lysmeditasjon. Etter denne helga vil du kjenne deg fyllt opp, avspent og meir heil. Ved å stresse ned, omgje deg med vakker natur og hyggelege mennesker, bygge opp energi med mykje yoga og sunn og god mat i 3 dagar kan dette bli ei minnerik helg.

Laurdagskvelden brukar vi i badstua og det nye badehuset. Her er det badekar med fjellutsikt, fotbad og dusjar samt avslappingsrom både på bakkenivå og i tårnet.
Ved å stresse ned, omgje deg med vakker natur og hyggelege mennesker, bygge opp energi med mykje yoga og sunn og god mat i 3 dagar kan dette bli ei minnerik helg. Vi håper du vil kjenne deg meir heil, fyllt opp og glad.

Å fordjupe seg i yoga gir ei heilt spesiell oppleving av å lande i seg sjølv, få oversikt og klarheit, kjenne kroppen utvikle seg og at yoga blir ein meir integrert del av ein.

*Morgonyoga, dag-yoga og ettermiddagsyoga. 9,5 t tilsaman.

*vegansk/vegetarisk mat.

*Sove i bomullstelt i gode senger og sovne til elvesus.

*Vedfyrt badstu.

*Slappe av eller meditere i tårnet.

*Tur i skog/mark.

*Massasje.

Når: 18, mai kl. 16.00 – 18.00 til  – 20.mai kl. 14.00.

Yogalærar: Merete Myklebust

Merete er innehavar av retreat senteret Meretes Garden, er utdanna i klassisk yoga frå Yogalærarskolen i Norge og underviser vinterhalvåret yoga i 4 bygder. Filosofien er at koppsbevisstheit gjer ein tryggare som menneske, mental bevisstheit er sentralt for å kunne ta vare på seg sjølv og andre på beste vis. Vi treng oasar til å puste og slappe av i og møteplassar som får fram det beste i oss. Namaste.

Pris: Kr. 2500,- inkl. yoga, alle måltid, sauna og overnatting.

 

Bookings