Her er vi

Kontakt oss

10 + 8 =

Meretes Garden

Adresse: Døvingssida 10, 6210 Valldal Telefon:  905 70 674 E-post: life@meretesgarden.no

Merete Myklebust

Merete Myklebust

Daglig leiar, Meretes Garden

Her kan du melde deg på vår utsending av nyheitsbrev og få vite om alle tilboda.

Subscribe

* indicates required
/ ( mm / dd )

Vegen hit

Meretes Garden ligg på Døvingssida 10. Frå Åndalsnes kjem du R63 over Trollstigen og køyrer til Uri bru. Køyr over brua og ta til venstre like etter du har passert brua. Meretes Garden ligg på venstre side av vegen når du no køyrer opp Døvingssida, 30 m frå brua. Det er heilårsope veg mellom Åndalsnes og Valldal frå midten av mai til midten av oktober. Trollstigen er nasjonal transportveg og ei oppleving i seg sjølv å køyre over når du kjem østfrå eller nordfrå. Det er heilårsopen veg mellom Ålesund og Valldal, og dei 90 kilometrane det er å køyre er eit godt høve til å få med seg norsk fjordlandskap. Frå sentrum av Valldal køyrer du oppover R 63 , ca. 3,5 km. Her tek du til høgre før den vakre steinbrua, fram Døvingssida.

Opplev Fjord – alt vi har å tilby!

Sjå også opplevfjord.no for nyttig informasjon om tilbod i området.

FLY

Frå Oslo til Ålesund,  50 minutt. Frå København til Ålesund, 1t 40  minutt. Frå Bergen til Ålesund, 45 minutt. Frå Trondheim til Ålesund,  40 minutt. www.sas.nowww.norwegian.no

BUSS

Frå Ålesund lufthavn: Ta buss til Moa rutebilstasjon. Skift til Fjord1 til Valldal. Ca 1t 45 minutt.

Åndalsnes – Valldal: Buss over Trollstigen kun i tuirstsesongen 23.6 – 15.8. Elles går det buss til Sjøholt og vidare til Valldal.

www.frammr.no

TOG

Toga inn til vårt område endar opp på Åndalsnes, og tek 5 1/2 time fra Oslo. Videre fra Åndalsnes kan du reise med buss via Trollstigen til Valldal. Trollstigen er vinterstengt og ein sjekkar hos vegvesen.no når vegen opnar og stenger. Opnar vanlegvis i slutten av mai.

www.nsb.no.