Kurs, retreats & workshops

Eg trur på at kvar enkelt person har dei beste svara på spørsmål og utfordringar i sitt eige liv. Mi oppgåve er å hjelpe deg til å oppdage dine løynde, men iboande potensiale og ressursar. Ein prosess som blant anna vil gjere det lettare å kunne foreta seg meir medvitne og hensiktsmessige valg, kjenne større friheit og kunne ta større ansvar for seg sjølv.

Grøne kurslokale

Dei gamle drivhusa er skapte om for å forsterke effekten av ro og nærleik til naturen. Glasdrivhuset er både lunt å opphalde seg i, samstundes som ein opplever nærleiken av elvebruset og fuglane som syng utanfor. Det gamle pakkhuset som vart brukt til pakke tomatar,  blande jord, og plante frø, har også fått ny funksjon som kurslokale. Både ute og inne i Helsefarmen Meretes Garden er det plass til inspirasjon og kreativitet. Tenk deg å berre kunne roe ned nokre dagar i eit av våre stilfulle innreia bomullstelt omgitt av zenhagemiljø og vakker natur. Gå turar i nærområdet eller dra på setertur, plukke bær eller bade i elv og sjø. Stille, naturskjønne omgjevnader gir plass og tid til å lytte til kroppen og hjartet.

På eit retreat kan ein koble av frå kvardagens plikter og krav, berre vere seg sjølv og oppdage og utvikle nye kvalitetar. Samle ny energi.

I sommar kan du fordjupe deg i klassisk yoga og meditasjon med yogalærararane Kristi Ulriksborg og Merete Myklebust, utdanna frå Yogalærarskolen i Norge, Yogaprosess AS. Ein retreat på 5 dagar omgjeve av vakker natur og avslappa atmosfære på retreatstedet Meretes Garden i Valldal, Sunnmøre.

Naturen bugnar av matskattar som kan krydre og gje nære vår daglege mat.

YOGA

Med yoga har du eit reiskap som kan nyttast der du er, ute som inne. Yoga har vist seg å ha gunstig verknad både mentalt og kroppsleg, og det skal ikkje mykje til. Kroppen og sinnet heng saman, når ein mediterar avspenner det kroppen og når ein gjer fysisk yoga påverkar det kroppens spenningsnivå og ein vil ofte oppleve meir klarheit, indre ro og glede.

Kalender

OPNING GULLÅNA BAD

03/11/2017
18:00 - 21:00

Spa fredag

17/11/2017
18:00 - 22:00

Sauna laurdag

18/11/2017
15:00 - 18:00

Sauna laurdag

25/11/2017
15:00 - 18:00

Sauna fredag

08/12/2017
18:00 - 21:00

Sauna -laurdag og julespa

16/12/2017
15:00 - 18:00

NYTTÅRS SPA

29/12/2017
17:00 - 21:00

Yoga workshop

18/05/2018 - 20/05/2018
Hele dagen

Yoga retreat

03/08/2018 - 08/08/2018
00:00