Meditasjon, yoga & spa

Det er vanleg at vi lever store delar av livet vårt i fortid. Gjerne med dårlege erfaringar i minne. Eller i framtid, med bekymringar for det som kan skje. Det einaste vi kan påvirke er derimot notid. Ved å bringe meir nærvær inn i livet, og kjenne på kjensla av det som skjer her og no, kan vi oppleve meir energi, og merke større glede, livsutfalding og meining.

Meditasjon

Meditasjon

Nærværsmeditasjon og meditasjonen Indre Stillheit. I nærværsmeditasjon nyttar vi pusten som reiskap, forankringspunkt og bevisstgjering. Du skapar eit frirom inne i der stillheit kan oppstå. I indre Stillheit mediterar vi med nysgjerrigheit på forstyrrelsar frå omgivelsane og det som oppstår i sinnet for å oppnå avspenning og openheit samt øver konsentrasjon og stille sinnet. Vi brukar særleg oppmerksomheit som reiskap. Du vil oppleve meir konsentrasjon og evna til å kvile i deg sjølv etter meditasjon. Pris: 60 min. kr. 400,-. Kr. 150,- pr. person for 4 deltakarar.

Mindful vandretur

Ved å vere tett på naturen vil vi gjenkjenne det naturlege i oss sjølv, i tillegg har naturen ei beroligande og legande effekt på vår mentale helse. Merete vil ta deg med på ein guida mindful vandretur i langsomt tempo og i stillheit for å legge merke til alt det vakre i omgivelsane og hente energi frå naturen. Vandreturen startar i vår japanske hage med zen-walk og fortsette gjennom skog og langs vakker elv. Mindful vandretur hjelper deg til å og kome til stades her og no, senke stressnivået og få kontakt med sitt innerste. Pris: 2 timar kr. 350,- pr. person. Min. 2 personer eller kr. 700,- pr. tur.

Yoga

Klassisk yoga

Yoga er ei lystfull trening som gir deg styrke, smidigheit og mental avslapning. Yoga gir meir energi, klarheit og ro. Du treng ikkje ha prøvd yoga før. Det er dine personlege forutsetningar som bestemmer kor intensivt du vil trene. Slepp alle krav, lytt til kroppen og bli kjent med den. I mentaltreninga lærer du korleis tankar, følelsar og bilder påverkar kroppen og korleis du kan handtere dei og bryte negative tankemønster. Pris: Privat time kr. 650,- pr. 60 min. Grupper fom. 2 pers. kr. 800,-. Kr. 1100,- for kurs over 6 gongar à 1,5 time. Kurs 8 gongar à 90 minutt kr. 1350,-. Drop-in à 90 minutt kr. 200,-

Yoga Nidra (yoga-søvn)

Er ein avspenningsteknikk der ein blir ført til området mellom vakenheit og søvn. Vi utset oss konstant for interessante og stimulerande inntrykk, og har lett for å gløyme at vi også har bruk for å balansere dette med ro og avkobling. Yoga Nidra varer ca 35-40 minutt og gir kropp og sinn ei god pause. Du vil oppleve at kvile og «væren» er ein forfriskande og levande stad å oppsøke for å finne balanse. Pris: Kr. 200,-.

Superswinge

Ei fantastisk swinge til bruk inne som ute, til å trene kjernemuskulatur, fordjupe seg i yogastillingar eller avspenne. Tyngdekrafta gjer dette til ei effektiv trening og mykje kjekkare samt meir skånsom trening enn ved f.eks vekter. Pris: Grupper 2-4 personar kr. 200 pr pers. 60 min eller privattime kr. 600,- pr time.

Yoga og spa – dagtilbod

Her kan den som ønsker avslutte veka med eit avstressande spa kome annonserte fredagar frå hausten av. Først ein yogatime med lett yoga som alle kan delta på og etterpå 2 timar med sauna og bad ev. meditasjon i stillerommet. Pris: Kr. 350,- pr. person.

Vi lagar individuelle opplegg for grupper som ønskjer nytte vårt badehus til å stresse ned og fylle på med positiv energi og inspirasjon.

 

Yoga-shop; Eit lite utvalg av miljøvennleg og komfortable yogaklede frå Asquit, London. Salg av yogaswinge, nesehorn og yoga cd-ar.

Spa

Gullåna spa opnar haust 2017

Vårt spa er inspirert av nordiske og japanske badetradisjonar. Spa-avdelinga har fått namn etter vannkjelda som renn ned frå fjellet Ormula. Du ser Ormula og Gullåna gjennom vindauget frå spa-avdelinga. Spaet vil bestå av sauna, baderom med massjebadekar, fotbad av cedertre og dusj. Alt med vakker utsikt til fjella og landskapet rundt. Under fotbad og lave dusjar kan du sitje på ein krakk og ta deg god tid til innsåping og rituale med varmt og kaldt vatn. Her blir også eit kvilerom for å nyte stillheita og hagelandskapet utanfor vindauget.

Massasjebad og fotbad – ein naturleg himmel

I baderommet som opnar vår 2018 blir det massasjebadekar, dusj og fotbad. Fotbada kan ein ytte allereie no og er handlaga av hinokutre frå Japan med helsebringande aroma. Medan du slappar av i stampen vil naturlege oljar med medisinske eigenskapar og behagelege dufter bli frigjorde i det varme vatnet og gi stort velvære. Du vil kjenne at du blir som ny, avslappa og full ny energi etter eit 30 minutters fotbad.

Sauna er ein eldgammal metode for å reinse kroppen for forureining og stress. Regelmessig bruk av sauna styrkar først og fremst immunforsvaret. Vekslinga mellom kulde og varme trenar kroppens blodkar til å reagere raskt for å justere kroppstemperaturen til varmt eller kaldt. Denne vekslinga styrkar blodkara og arteriane, og held dei elastiske. I vår sauna set du deg vel til rette på eit handkle. Det er ein fordel å ha handkle på seg framfor badedrakt. Det er viktig at varmestrålinga når heile huda, og at sveitte frå overhuda kan fordampe uhindra. Når varmen angrip huda, sender han eit SOS-signal til hjernen som svarar med å utvide arteriane og sende meir blod til leggar, armar og hud. Perspirasjonen startar etter nokre få minutt. For å sørge for ei effektiv nedkjøling, set kroppen i gang væsketransporten. Fordampinga verkar nedkjølande og gjer at huda, til trass for temperaturar mellom 50–100 grader, ikkje blir overoppheita. Badetøy i syntetiske tekstilar kan hindre sveitten i å fordampe. Anbefalt tid i sauna er 10–20 minutt, avhengig av kor høgt du sit. Hugseregel: Sit ikkje lenger enn du føler det er komfortabelt. Saunabad krev ulike syklusar av så vel varmt som kaldt. For å gi ønska effekt anbefaler vi 15 minutt inne og deretter 15 min kviletid utanfor. Det svært viktig å kjøle seg skikkeleg ned etter sauna. Begynn alltid med ein temperert dusj, og så ein kaldare ein. Eventuelt kan du ta deg ein 3 minuttar spasertur ned til elva og kjøle deg heilt ned!! Resultatet er ei god kjensle av friskheit og velvære.

  • Gir ei djup reinsing av heile kroppen.
  • Aukar og styrkar immunforsvaret.
  • Aukar forbrenninga.
  • Gjer huda «yngre» med næring innanfrå.
  • Behandlar eksem og andre hudproblem.
  • Reduserer forkjølelse og influensa.
  • Lindrar smerte og kroniske plager.
  • Aukar blodsirkulasjonen og oksygenopptaket.
  • Har ei beskyttande effekt på arteriane.
  • Hjelper med å regulere høgt blodtrykk.
  • Verkar avslappande og reduserer muskelsmerter.
  • Frigjer tungmetall som koppar, kadmium, bly og zink fra kroppen.!
  • Motverkar stress og gir betre søvn.!
  • Letter tungsinn og depresjon.!
  • Har ein balanserande effekt mentalt.!

Ref. The Well spa.!

Eit fotbad kan gjere underverk for eit slite hovud og trøytte bein. 20-30 minutt med føtene i lunka eller varmt vatn vil gjere deg avspent og gi ei kjensle av å bli ny. Vi har 2 handlaga hinoku fotbad som gir frå seg aromatisk olje og duft. Om du vil tilsette urter frå hagen vil du finne oppskrifter på fotbad som passar deg til ei kvar tid. Fotbada er plasserte slik at du har utsikt til skog og elv.

Vi set høge krav til reinhald og hygiene. Derfor er vi avhengige av at alle som nyttar spaet hjelper oss å halde det reint. Innan ein går inn i badstu, massasjekar eller fotbad, dusjar ein seg godt eller tek ein lett dusj og går deretter til den japanske dusjen der du kan sitje ned i ro og mak.

 

Kroppsbehandlingar

Har du behov for ei velgjerande kroppsbehandling kan du velge mellom: Ryggmassasje: 30 min kr. 450,- Massasje: 60 min kr. 650,- Refleksologi: 45 min kr. 550,-. Skrubb: 30 min kr. 400,- . Massasje + skrubb 1t 30 min kr. 950,-. Skriv og avtal tidspunkt. Massør er Agata Zuch som er busett her i området. Agata er utdanna fysioterapeut og klassisk massør og har fått mange gode tilbakemeldingar for sine kroppsbehandlingar. Om ryggmassasjen er det ma. sagt «Det var som om ho hadde 4 hender rullande over ryggen».

Tid: Fredagar – heil dag og kveld. Elles kveldar mån-laur fom. kl. 17.00 – 22.00. Bestilling til Agate mob.nr. 46592650.

Sal av spaprodukt frå Terrigeno

Terrigeno er naturbaserte velværeprodukt av høg kvalitet. Dei er produsert med respekt for miljøet, vidareført frå gamle tradisjonar.!