Om Meretes Garden

Dette er ein stad for å senke skuldrane, tid til deg sjølv og hente påfyll til kropp og sjel. Her kan du også kjenne på roa ved å vere tett på naturen, enten ved å sitje i hagen, delta på yogakurs i glasdrivhuset eller overnatte i tipi. Nytt av året er også eit badehus som innheld stor vedfyrt sauna, badekar, dusjar og allrom for avslapping med eit lite tårn på toppen som gir god utsikt til fjell og omgivelsar.  At vi ved å bli meir medvitne om vårt indre, betre kroppskontakt, det å delta på aktivitetar som appellerar til heile mennesket samt vere i vakre omgivelsar med atmosfære har motivert meg til å bygge opp Meretes Garden. Her på senteret vil det vere kurs og tilbod innnan helse og velvære som kan gi påfyll og vere ei hjelp på vegen til å finne ro og klarheit. Yoga og meditasjon, den gode samtalen og kontakt med kjenslene våre er gode hjelpemiddel for å handtere utfordringar i kvardagen, i å bli betre til å merke dei gode augneblikka i livet. Kjensla av å vere til stades.

Vi kan alle kjenne på at vi begrensar oss sjølv, er usikre på om vi er på rett plass i livet eller nyttar tida på det vi eigentleg elskar. Å søke innover i seg sjølv, bli meir kjent med ukjente sider av seg er med på å finne fram til skjulte ressursar, glede og overskot.

MERETE MYKLEBUST

Eg er født i 1966, og kjem frå Valldal på Sunnmøre. Etter å ha jobba som næringsmiddel-teknolog i 10 år, bestemte eg meg for å ta ei 4 årig psykoterapeutisk utdanning på ID-Academy i Danmark og jobbe med menneske. Eg har også ei påbygning i gruppecoaching. Samtidig med studier gjekk eg igjennom eit personleg utviklingsforløp i meditasjons og medvitenheitsutvikling med Margit Madhurima Rigtrup ved Consciousheart senter i København. Eg går framleis i meditasjons, og medvitenheitstrening med henne. Det hjelper meg til å «tune inn» til hjertet, og der finn vi det so mer er solid, sant og ekte. Eg trur på at alt i livet er til for å vekke ein. Innstillinga til det som skjer er ofte heilt avgjerende for korleis ein har det.

Leve – Elske- Le

Det er mine livsmotto. Kan eg kjenne hjartet mitt slå, og får le litt i løpet av ein dag er eg fornøgd. Når eg gjer yoga, rotar i hagen eller sit stille ved eit vatn, kjenner eg også at eg lever. I kontakt med eit anna menneske eller dyr kan eg merke kjærleik. Å nyte livet handler ofte om å fange augneblinken og vere til stade i seg sjølv. Å sette mange ”komma” eller mikropauser i løpet av ein lang dag kan gi det lille ekstra overskuddet ein saknar. Og der er uendeleg mange måtar å dyrke augneblinken på. I dette har det også vore klart for meg kor viktig det er å bruke og verdsette naturen. Vi kan ikkje eksistere utan den. Vi er ein del av naturen og naturen er ein del av oss. Ei gratis kjelde til energi, livsglede og overskot.

Yoga og mindfulness

Etter å ha flytta heim til Valldal fordjupa eg meg i mindfulness og yoga, og er no utdanna yogalærar frå Norges Yogalærarskule (1000 t). Det å bruke kroppen, vere bevisst pusten, ha fokus og nærvær fekk eg først kjennskap til gjennom mange år som karateutøvar og instruktør då eg var i 20-30 åra. Karate er ein av zensportane, med opphav frå munkar i Japan. Overgangen til yoga og meditasjon var derfor ikkje så stor.

Terapi

Min terapi er både samtale- og kroppsorientert. Spenningar og knutar enten i kroppen eller sinnet kan opptre som blokkeringar, bekymringar, angst eller fysiske plager, og kan ved medvitenheitsarbeid og kroppsorientert terapi hjelpe til å få det betre både mentalt og fysisk.Ingen problem er for små eller store til å søke hjelp for. Det er ingen som kan gi deg råd for kva som er best for deg, men ein kan kome eit godt stykke vidare i sin prosess med ein trygg og god lyttar ved sis side. Eg har lang erfaring med bevisstheitsarbeid og terapiprosessar som fører til forløysing og utvikling. Eg er som person og terapeut tolmodig og open og har hjarte med i møtet med klienten.

Det ein dyrker veks

Det er eit  uttrykk eg syns ofte stemmer. Ein kan godt dyrke sorger og misnøye med livet som ikkje svarer til forventningane, men ein kan også øve seg i å få auge på det som er livgivande og sunt for ein og la det få stadig større plass. Terapi og meditasjon er metodar som kan hjelpe.

STADEN

Retreatstaden Meretes Garden har ei unik beliggenheit i jordbærbygda Valldal, kjent for sine majestetiske fjell, ei brusande elv med mektige fossefall, og den djup blå Norddalssfjorden. Midt i UNESCO Verdsarvområdet Geirangerfjord. Den vakre naturen er sjølve hjartet og pulsen i helsefarmen Meretes Garden. Her finn du ein meditativ japansk zenhage, urte- og grønsakshage. Eit heilt nytt servicebygg og badehus med sauna og opphaldsrom til gjestane har gjort retreatstaden komplett. Ein sti fører deg frå hagane til eit fredeleg lite villniss av eit naturområde rundt den vakre elva Valldøla. Staden er som skapt for å halde spennande kurs, workshops og retreats. Alt nært knytta til den vakre naturen hagen er omgjeven av. Nærleiken til jorda, til det naturlege, til koplinga mellom menneske og natur, har gjort dette til ein god stad å vere  og utvikle seg både for planter og menneske. Hit kan du kome på rekreasjonsopphald og nytte deg av dei aktivitetane som plassen har å by på når det passar deg, eller delta på kurs og retreats med eit fast program. Vi vil vere ein oase for sansar, kropp og sjel. Ein stad for fordjupning, fellesskap og utvikling. Ein stad du kan finne ny energi, finne inn til deg sjølv og kjenne ro. Utvikle kreativitet og gøymde ressursar og  styrke sansane. Alt i samspel med naturen rundt deg.

HISTORIA

Garden Myklebust har historie gjennom tre generasjonar. Det var bestefar til Merete som kjøpte og bygde opp garden der Merete er vaksen opp. Den gongen vart det dyrka grønnsaker og halde dyr. Bestefar var eventyrar og hadde sju born. Han drog til Alaska på gullgraving som so mange andre i bygdene rundt fjorden på den tida, og kom tilbake med kapital nok til å bygge opp sin eigen gard og ein syltetøyfabrikk saman med bror sin. Her blei dei rike bærressursane frå bygda vidareforedla. Nils, far til Merete, utdanna seg til gartnar og bygde opp gartneriet på garden i 1953. Det er dette som i dag står der som retreat senteret Meretes Garden. I drivhusa vart det dyrka tomatar og agurk. Dufta og smaken av varme tomatar er gode barneminner som har inspirert Merete til å dyrke sjølv. Det vart og dyrka kål, gulrot og jordbær til eige bruk og for sal i gartneriet. Både vaksne og born var involvert i drifta heile året, og i 1988 vart det bygd nytt drivhus. Merete tok over gartneriet i 2009 etter at drifta vart avslutta. Ho ønskte å ta med seg minner om ein vakker og fruktbar stad, og gjere det om til ein oase for personleg vekst. På same måte som både far og bestefar fulgte draumane sine og dyrka interessa for det som veks og gror, har dette behovet også fulgt Merete, om enn i ei noko anna form i dag enn den gongen. Og du kjenner det i det same du stig inn på tunet. Kjensla av ro og nærleik til naturen. Ein oase der skuldrane naturleg vil senke seg og sinnet opner seg.

FASILITETAR

Fellesrommet

Her er det kjøkken og to spisebord med plass til 16 personar, og sofakrok med panaramavindauge. Fellesrommet er eit heilårsrom og er innreia i retrostil. Vi beskriv det gjerne som heimslig og avslappa. Passar godt til samlingsrom. Her lager og et ein også fellesmåltid.

Meditasjonrommet

Dette var før ein blomsterbutikk, der ein solgte vakre blomar. No er det innreia med parkett og lysmala veggar og har ein lys og lett atmosfære. Rommet ligg ved sidan av fellesrommet, er vinterisolert og passar til yoga og meditasjon for grupper opp til 7 personar.

Glasdrivhuset

Har eit heilt spesielt lys og gir kjensla av å kome tett på naturen. Ein ypperleg stad for kreative workshops, atelier og yoga i sommarmånadane mai til midten av september.

Det gamle pakkhuset

Rommet er på cirka 40 kvadratmeter og har ei stille og lun atmosfære. Det er lagt nytt linoleumsgolv og veggane med bjelkar er måla kvite. Rommet er nakent men stemningfullt og blir nytta til kurslokale heile sommarhalvåret frå mai til oktober.

Den japanske hagen

Hagen er etablert i det som står att av murar frå det gamle glasdrivhuset. 200 kvadratmeter er gjort om til ein oase som er grøn heile året, og inviterar til å sitte i fred og ro. Hagen er fint balansert med elementa jord, ild, vatn og luft. Karpedammen med rennande vatn er sjølve perla i hagen. Her kan du ligge i ei swinge eller site i ein komfortabel korgstol, gå zen-walk, nyte synet av fisken og lytte til lydar av vatn og fuglar.

Stillerom

Stillerommet har komfortable kvilestolar og sofa der du kan slappe av, lese ei bok eller berre la tankane fare. Her er det utsikt mot urtehagen i midten av senteret. Rommet er estetisk innreia med eikegolv og peisild for å fremje både livskraft og ro. Visste du at eik er symbolet for livskraft og styrke?

Hagen

At hagar har ei beroligande virkning på oss og virker som terapi, er godt kjent. Forskarar har funne ut at der er ein samanheng mellom positiv helse og det å sjå på eller vere i ein hage. Grøne vekstar stimulerar sansane våre på fleire måtar via lukt, lyd og bilete. Å arbeide med jorda, og vere nær den gir påfyll av energi og ro. Ein japansk hage er bygd opp for å fremje ro og harmoni og stimulere til kontakt med det vakre i menneske. Derfor har eg skapt ein liten Japansk oase midt i naturen rundt helsefarmen.

Gullåna bad

Vi ønsker også å gi deg kjensla av litt luksus i kvardagen. I vår SPA avdeling kan du nyte litt ekstra og pleie deg sjølv. Ein vedfyrt sauna gir ein spesiell varme og hygge. Mange som ellers ikkje trivst i sauna kan finne det behageleg å vere i ein som er vedfyrt. Saunaen har eit vindauge mot nord med utsikt over skogen og dei vakre tindane som omgir Valldal. Vatnet i spaavdelinga kjem frå ei kjelde på fjellet Ormula som ligg rett overfor Meretes Garden. Kjelda heiter Gullåna og her renn det friskt fjellvatn med historie heilt i frå Olav den Heilage si tid ned til badeavdelinga. Sagnet seier at då Olav kom, gøymde bøndene ein gulvkalv opp i vatnkjelda på 1400 meters høgde. Den skal visst ligge der enno og vil kun bli funne av 7 brør. Du ser opp på Ormula og Gullåna frå badekar og badstu. To japanske trestampar for fotbad er handlaga i Japan og materialet skil ut aromatiske oljar, beroligande og leikande dufter. I Gullåna er det også lagt til rette for god japansk skrubb. Du sit på ein trekrakk og såpar deg godt inn, skrubbar, og kan skiftevis helle kaldt og varmt vatn over deg frå ei trebøtte.  Ei heilt spesiell kjensle og du får gang i blodsirkulasjonen. I Gullåna er det og eit badekar der du kan ligge med utsikt til storslåtte Ormula og elva som renn forbi.

Meretes Garden er sertifisert som Miljøfyrtårn

Fordi vi ønsker å ta vare på den vakre jordkolden vår. Godt for verda, godt for menneske, tenker vi.