Koien i dammen har gode dagar no som varmen kom, og samstundes gir dei meg mange gode stunder berre ved å sjå på dei symje rundt. Særleg når det er mat å få, då er det interessant å følgje med korleis dei går fram for å få tak i den. Dei små stig ofte raskt opp og går rett på, dei største er litt meir taktiske og sym rundt maten og bestemmer seg om det er no! Av og til sym koien i flokk og skal ha tak i same pelletsen. Go for it! Av og til må vi berre bestemme oss og gå for det vi innerst inne ønsker oss, slutte gå rundt grauten og utsette ting i det uendelege. Det brukar vi krefter på! Når vi får forløyst det som står i vegen vår for å kome vidare utløyser det mykje energi og det kjennest litt som ein har kome seg igjennom ei stor bølgje. Det kan hende det er andre som vil det same som deg og de kan gå ilag, samla flokk kan løfte store steinar, men det kan også vere du skal gå vegen åleine andre gonger, at det er raskaste vegen framover. Uansett er det nu-et som bestemmer korleis framtida blir. Det vi gjer i dag, korleis vi tek hand om ein følelse, eit problem osv. bestemer korleis vi får det i morgon.
How we meet challenges today decides tomorrow results. When bounded up energy is released new energy is trickling inn.