I yoga handlar det ikkje om å vere flink eller dyktig. Å lære seg yoga er først og fremst ei personleg reise. Ei oppdagelsesreise i kropp og sinn. Ein måte å øve opp kroppsbevisstheit og gjennom meditasjon bevisstheit i sinnet. Pusten er viktig del av yoga. Pusten er bindeleddet mellom kropp og sinn. Pusten hjelper oss til å betre kontakta til oss sjølve og bringer meir nærvær inn i livet vårt. Ved å ha pusten med klarer vi strekke og halde ei stilling betre, ja, pusten hjelper oss rett og slett til ein meir avspent tilstand kor vi kjenner det er meir fredfullt.
I tillegg er det sjølvsagt dei fysiske gevinstane som betre balanse, styrke og smidigheit. Yoga kan vere godt/vondt, utfordrande men ikkje minst utviklande. Det å meistre noko ein aldri trudde ein kunne gjere med kroppen, å merke det går an å løyse opp i nokre gamle knutar – det er stort det!
Det å kjenne på frustrasjon er ein del av prosessen i det å meistre noko nytt. I yoga meir observerar vi oss sjølve og kva følelsar og tankar øvingane vekkjer enn å handle på det som oppstår i sinnet. Slik kjem vi oss vidare og tek neste utfordring.
Mange har erfart yoga som fantastisk etter nokre få gongar, andre erfarer det går mykje lettare på andre kurset når ein har forstått litt meir kva det handlar om. Vi er forskjellege og det skal vi ha lov å vere. Det er når vi tek fullt ut hensyn til korleis vi har det og kva vi til ei kvar tid kan vi utviklar oss både fysisk og mentalt.
Takk til alle som har vore modige nok til å hive seg på både eitt og fleire yogakurs dei 6 åra eg har undervist yoga her på Sunnmøre. Saman med andre kan vi noko spesielt, meir enn vi kan åleine. Det er ikkje berre alt yoga gjer med indre organ, nervestystem, hormonbalanse, musklar ol. som er bra, det er også det å møtast og gjere noko saman som er sundt og oppbyggande.
Vil sende ei solhelsing til alle med ønske ei riktig god påske.
Merete