Eg starta på ID-psykoterapeut stuidet i Danmark i 2005. Då visste eg lite kva terapi gjekk ut på, men eg var nysgjerrig på å finne ut kva som påverkar oss til å bli nettopp den vi er. Eg hadde i mange år vore oppteken av personleg utvikling og alltid syntest det var spanande å lære noko nytt. På den 4-årige psykoterapeututdanninga blei vi verkeleg kledt godt på. I klassa øvde vi med kvarandre nesten frå dag 1 og fekk god kjennskap til kor flokar og gode og dårlege opplevingar opp gjennom livet er med på å prege oss. Vi nøsta oss tilbake til barndom, opplevde korleis nærvær her og no kan lege mange sår og blei obs på kor ofte vi lever i fortid eller i framtid og lagar oss historier som ikkje alltid er heilt up-to- date. Ikkje minst lærte vi reiskap til å bryte gamle mønster som ikkje lenger tener oss, korleis spørje inn i  gamle overtydningar for å få ny klarheit og ikkje minst at det meste av vanskelege tankar og følelsar kan jobbast med og gje verdifull innsikt. I løpet av utdanninga hadde eg 10 prøveklientar i eit lengre forløp. På grunlag av prøvklientane, mine eigne erfaringar, aha-opplevingar og gode bøker skreiv eg hovudoppgåva mi som heitte «Vegen heim – og kunsen å navigere i ukjent tereng». Oppgåva handlar om korleis tilknytting til far og mor, eller manglande sådan, i tidleg barndom er med og prege ein heile vegen til vaksen. Korleis vi har det med relasjonar, avvisning, tilknytting i vaksen alder er avhengig av både korleis vi blei møtt og korleis prosessen med å bli meir sjølvstendige gjekk føre seg. Ved å få  større nærheit og kontakt med seg sjølv samt bevisstheit om sine grenser, blir frykt for å gå inn i ein tett relasjon mindre. Vissheit om at ein kan adskille seg ved å seie ifrå eller trekke seg vekk frå den andre, gjer det mindre skremande. Utan ei fleksibel binding blir ein relasjon lett eit avhengiheitsforhold der det er mange uoppfylte behov som kjem i vegen for eit ekte møte mellom to vaksne menneske.

Som tittelen på oppgåva gir eit hint om så er det mogleg å reparere tidlege skader og finne vegen tilbake til seg sjølv. Her kan ein terapeut vere ei god hjelp til å få overblikk og klarheit. Det fine med å jobbe med seg sjølv saman med ein terapeut er at ein ikkje blir gitt råd (som nesten aldri passar ein) vidare får ein 100 % merksemd frå ein som er fullt til stades, og ein er sikker på at det som blir snakka om ikkje kjem vidare. Kjemien mellom terapeut og klient er av det viktigaste for at ein helande prosess kan setjast i gong, i tillegg til eit ope hjarte. Etter eksaminering til ID-terapeut i 2009 har eg praktisert som samtale- og kroppsterapeut i Ålesund og i Valldal. Ønsker du ein prøvetime for å undersøke om terapi er noko for deg må du gjerne ta kontakt for ein uforpliktande time.

Diktet under beskriv så fint eit møte mellom to som føler både band og fråskild på same tid, men er heime i seg sjølv. Det inneber bevisstheit både om livets eksistensielle aleineheit og respekt for kverandre -sin integritet og grenser.

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind
Og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam, og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to. Anten vi møttest titt eller sjeldan var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem fell det meg lett å snu
når eg har stått litt sett mot huset og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil kome iblant Som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her, skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas