Det er haust og faktisk syns eg zen-hagen er på sitt vakraste no. Dei mange nyansane i grønt kjem godt fram, meir mjuk mose, som er velkomen i ein zen-hage, og no hausten er det meir tid til å setje seg ned og nyte det som gror. Merke «nu»-et, summere opp sommaren og tenkje litt framover? Det nyaste her i hagen min er 2 grå kattungar. Søster og bror boltrar seg og er som ein skugge av sirkusartistar som følgjer etter meg der eg går. Dei vil helst ikkje bli fanga, men kome til meg frivilleg. Ha selskap, men vere frie. Ikkje så vanskeleg å forstå den trangen.
Hausten er ei fin tid for å fordjupe seg i ei interesse. Det gir ei kjensle av tilfredsheit å fordjupe seg. Fordi vi ofte er med på mange ting eller skal få med oss mest mogleg, helst ikkje gå glipp- av -noko, og syns ikkje dagane strekk til. Det kan bli rett for mykje av det gode og brått kjenner ein seg sliten og stressa. Hovudet vil så mykje, men kroppen seier stopp. Å velge berre ein eller to ting å fokusere på er samtidig å velge noko anna ifrå. Det kan vere vanskeleg. Sjølv hadde eg stor glede av å fordjupe meg i karate i si tid og no yoga og hagearbeid. Ein oppdagar etter kvart at ein ikkje kan bli utlært, men det gir mykje glede å lære nytt om faget og seg sjølv. Utvikle tolmod, sjå verdien av gjentakelse og innsjå at ein ikkje treng jage etter noko nytt og spennande der framme men tene på å finne gleda i augeblikket.
Ein god haust til deg med mykje tid til det og dei du elskar.