Kjem du på eit yogaopphald I Meretes Garden vil verten sjølv ønske deg velkomen. Merete vil vise deg rundt og informere om alle tilbod, fasilitetar og lytte til kva du har behov for. Som gjest er du velkomen til å parkere gratis på eigedomen, rusle innom den meditative hagen, forsyne deg med kaffi og te, slå deg ned ved peisen eller ute – hygge deg rundt ei bålpanne.

Her kan lese meir om vår Yogahelg i mai.

 

Her kan lese om min introduksjon til yoga

Inngangen til å utforske yoga kan vere så forskjelleg. For meg starta det for mange år sidan då eg budde i Oslo. Dagleg trente eg karate og trenaren nytta yoga som oppvarming. Det var mjuke behagelege øvingar som førebudde kroppen på meir hard fysisk bruk. Hugsar enno kor godt det var å tøye og vri på kroppen saman med å puste djupt og langsamt. Så møtte eg på yoga i samband med meditasjon og sjølvutvikling i tida eg budde i Danmark. Der og då tenkte eg ikkje så mykje på at øvingane vi gjorde var yoga – men det gjorde godt! Heime på Sunnmøre underviste eg i mange år i meditasjon, rørsle til musikk og enkle yogaprogram – eit konsept eg kalla «Balsam for kropp og sjel», før eg tok ei lengre utdanning i klassisk yoga hos Peo og Parvati, legender innan yoga i Oslo. Det endra livet mitt totalt. Helseeffektene av yoga er lett å merke; Hjelpe mot søvnløyse, fordøyelse, meir energi og ro, betra fokus mm. Yogaopphald under utdanninga på Ringebufjellet eller i Oslo med vegetarmat, sauna, fjellturar og mykje yoga gjorde meg godt. Eg fekk etablert ein dagleg praksis og starta sjølv opp retreats og workshopar her heime på senteret. Med omgivelsar lik kulissser teke ut av ein film; Zenaktige stiar som snor seg inn i skog og langs elv, store mektige fjell og grøne marke. Her grunnla eg Meretes Garden retreatsenter, tett på Ålesund, men likevel ei still oase.

 Yoga i sjølvutvikling

For meg passar yoga som hand i hanske med ønsket om å stadig vere i utvikling og satse på helse samt føre ein sunn livsstil. Utvikling skjer så dynamisk og fint i yoga ved at kropp og hovud meir og meir følgjer kvarandre.

Ein merkar tydeleg at pusten er det som forbind det heile saman og spelar hovudrolla i yoga. Vanlegvis pustar vi ubevisst. Men i yoga er vi heile tida bevisst pusten, enten den er fri og spontan eller vi utøver djupe gode pusteøvingar, pranayama, som krev vi fysisk hjelper til. Vesten har teke yoga til sitt hjarte og blitt den reiskapen vi sakna. Liva våre er mykje styrt av ønske om å gjere ein god jobb, vere ein god forelder eller partnar, venninne mm. – samstundes som vi skal rekke oppleve mange spanande reisemål og aktivitetar. Heime ventar gjerne ein klesvask og ambisjonen om å måle ferdig ein vegg eller hus, slå ein plen osv. Vi er vel enige om at det stadig vekk er noko som ventar på oss bak neste sving, enten venta eller uventa. Så korleis kunne halde oss sunne og friske opp i alt?

Yogahelse. Yoga har klare helsefordelar sidan ein regelmessig praksis kan førebygge og betre mange almindlege helseplager som migrene, søvnløyse, ryggplager, fordøyelse mm, Her kjem yoga inn som eit godt og anerkjend reiskap. Ved å jobbe med kropp, sinn og pust så merkar mange at ein lettare kan velge vekk eller til det som er verdifullt, og ikkje minst du merkar lettare når det er nok!

Vi har forskjellege motiv for å gjere yoga, det viktige er at du tek utgangspunkt i DEG og DIN kropp.

6 TIPS til kva som kan gjere di oppleving av yoga best mogleg:

  • Start med eit ope sinn og ver nysgjerrig.
  • Lån eller skaff deg ei yogamatte som gir godt feste, men ikkje er for dyr. Det å ha si eiga yogamatte hjelper deg til å etablere ein yogapraksis heime.
  • Kva yoga passar for meg? Prøv ut yoga enten på eit grunnkurs eller saman med ein erfaren utøvar. Kjøp gjerne ei bok slik at du kan setje deg godt inn i dei forskjellege øvingane.
  • Ikkje press deg inn i ei stilling du ikkje er klar for. Lytt til og respekter kroppen.
  • Yoga skal vere ei god oppleving. Finn ein stad i heimen med ro og fred, tenn eit lys, lag ein kopp te.
  • Litt yoga gjer ein forskjel! Ta ei avspenning når det kjennest rett, sit ned med lukka auge og mediter eller gjer ei pusteøving. Og har du tida gjer du det heile saman med nokre yogastilllingar du kjenner.

Yoga verkar og påverkar oss

Kva hjelper yoga med? Yoga påverkar oss fysisk, mentalt og stimulerer våre indre organ, nerve- og edoktrinsystem mm. Mange melder om betre søvn, fordøyelse og generelt betre mental balanse når dei gjer yoga regelmessig.Helsegevinstane er mange og samtidig god trening. Det er faktisk så enkelt som at når du øver på fysiske balanseøvingar som t.d. treet, så balanserer du sinnet også. Yoga har også blitt mange sitt reiskap for å halde ein vond og stiv rygg frisk. Du kjenner sikker også til at nakke og auge kan verke av mykje sitjing på ditt arbied og stiring ned på ein skjerm. Like viktig som dei fysiske endringane yoga er med å påverke kroppen din, er di bevisstheit. Det at du roar ned og får auge på kva tankar og kjensler som dukkar opp i ditt sinn, er verdifullt. Det er først når du oppdagar dine tankemønster og vanar at du kan endre dei. Så med bevisstheit ser vi, får meir forståing om kva vi gjer og kva vi eventult vil endre på. Og som eg gjentek så ofte; Hugs å puste:). Ved å puste inn i ein stram muskel eller ein forstyrrande tanke, kan vi oppnå endring. Når pusten blir djup og roleg vil ikkje nye påkjenningar kunne sette seg fast i kroppen og du held deg mjuk og smidig i kropp og sinn.

Ved å delta på eit retreat får du hjelp til lettare å gjere yoga heime. Når du kjem er alt klart til deg, berre hugs å ta med deg di eiga yogamatte. Her kan du også finne nokon lekre yogaklede av berekraftig materiale om du treng oppgradere garderoben.

Her kan lese meir om vår Yogahelg i mai.