Det er litt unorsk å snakke om sjel og si spirituelle side. Er det kan hende fordi det ikkje er noko materielt og konkret? Eller, wowoo! – no blir det flyktig og flytande her? Eg vågar å påstå at alle menneske er født med ein spirituell karakter, det handlar berre om kor stor plass denne sida har i kvar enkelt liv. Kurlur, samfunn og oppvekst har forma oss og vi tek med verdiar herifrå vidare. Så blir vi vaksne og kan utforske verda meir på eigahand og finne vår veg til glede og livskvalitet. Å merke kontakt med sjela si treng ikkje vere meir komplisert enn å merke velvære og ro i naturen, i ei gudsteneste, ved å sjå og oppleve eit mesterverk eller stå på toppen av eit fjell – å verte «breathtaken!». Spirituelle opplevingar kan vere å sjå inn i flammane i eit bål, site ved ei elv og sjå vatnet renne forbi og kjenne seg fri frå tankane. Det kan også vere det å kjenne seg trygg og snakke om meininga med livet, saman med gode vener. Forskning viser at personar som brukar tid på spirituelle aktivitetar har betre psykisk helse. Også at vi har det mentalt betre om vi føler vi er ein del av eit fellesskap, gir oss sjølv utfordingar og jobbar mot å nå eigne mål (sitat Steinar Krogstad). Å hjelpe andre, medkjensle, er også ein god ressurs å ha med seg i bagasjen. Det er med til å halde hjarte ope. Å ha alle desse eigenskapane på plass i seg sjølv og livet sitt på ein gong, er ikkje alle forunt. Men ønsker ein å få det betre så kan det vere ei rettesnor, noko å arbeide mot? Eg chatta med ei venninne på andre sida av jordkloden i påska. Ho byrja nemne kva komiseriar dei ser på i sin familie for å kose seg i påska. Eg sa at vi nordmenn ser på krim. Mykje krim. Då blei ho forbina:). Jaja, vi får ialle fall balanse i liva våre. Krim og natur :).
Ønsker deg ei god reise og utforsking av kva som gir deg ein bit av sjelelege oppleving og spiritualitet. Livskvalitet. Eg blir gjerne med på ein god prat rundt dine oppdagingar.
Namaste.
Merete