Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 29/01/2019 - 26/03/2019
16:15 - 17:45

Kategorier


Kurs i klassisk yoga der du vil lære deg gode yogaøvingar for å ta vare på kropp og sinn. Kurset passar for alle som har generell god helse og vi vil gjere yoga øvingar som gagnar heile kroppen. Du vil lære mange gode yoga stilingar som styrker, gir betre balanse, meir smidigheit samt gode tøyingar. Vi vil vidare ha fokus på pust, vår viktigaste kjelde til meir energi og ro, avspenning og meditasjon.

Det som kjenneteiknar klassisk yoga er at ein ikkje treng å gjere så mange forskjellege stillingar, men øver opp evna til å bli litt i kvar stilling så den får verke djupare inn i kroppen.

Yoga sit ein i ei tettare kontakt med seg sjølv, ein lærer handtere stress og bekymringar på ein god måte i tillegg til å berre kjenne glede og velvære ved å bruke kroppen.

Mange yogadeltakarar på tidlegare kurs har ma. meldt om betre søvn, meir bevisstheit på pust og kjenner seg meir glad og avslappa etter ei økt med yoga. Yogakurs har ei helsefremjande effekt på oss også fordi det er ein gruppeaktivitet.

Kurset passar for alle som har generell god helse.

Det er ein fordel å ha si eiga yogamatte med, men det er også mogleg å låne.

FOR KVEN: Kurset vil vere tilpassa heilt nye utøvarar av yoga, men du som har erfaring frå før vil også få utbyte av kurset.

NÅR: Tirsdagar 29/1 – 26/3 med opphald 26/2 vinterferien. Kl. 16.15 – 17.45.

KVAR: Møterom på Eidsdal omsorgsenter.

YOGALÆRAR: Merete Myklebust (1000 timar). Tlf. 90570674

PRIS:

6 gonger kr. 1140,-

7 gongar kr. 1330,-

8 gongar Kr. 1500,-.

Betaling til kontonr. 40602663711 «yoga» eller Vipps: Velg «Kjøp og betal» (Merete Myklebust #531222), vel «yogakurs» og betl for antal kveldar du ønsker.

Drop in: Du bestiller og betalar din drop- in time via vår app på VIPPS. Kr. 210,- pr 1,5 t. VIPPSNR er: 531222.

Betaling til kontonr. 40602663711 – merk  «yoga» eller Vipps: Velg «Kjøp og betal», søk nummer (Merete Myklebust) #531222, så velgjer du «yogakurs» og antal kveldar du ønsker.

Rabatt: Gå du eit kurs på 8 gongar får du 20% i rabatt på alle yoga og spa arrangement i Meretes Garden, i Valldal, tom. påske.

PÅMELDING: Meld deg på via booking nederst på sida her. Skriv i boksen kva kurs du ønsker gå og antal gonger. Stadfesting av påmeldinga skjer ved innbetaling av kursavgift. Innbetaling innan oppstart eller seinast 15.01. Du får ein mail med meir informasjon om betaling og kursa før oppstart.

Tapte timer må takast att innanfor pågåande kurs semester.
Tapte timar kan takast att i andre bygder eller på andre klassar der det finst.

Velkomen til alle.

Etiske retningsliner: Eg følgjer dei yogiske prinsippa som det å vere open, ærleg og redeleg.
Eg tilbyr ei forsvarleg yogaundervisning med eleven si helse i fokus. Men kvar enkelt har sjølv ansvar for å utøve yoga på ein slik måte at eiga helse/kropp blir ivareteke. Yoga skal utøvast med sunn fornuft, tålmod og ro.

Eg er oppteken av å sikre alle kundar sine personlege opplysningar på ein forsvarleg måte og innhentar kun informasjon fra deg når du bestiller kurs eller kjøper produkt. Det er kun meg som har tilgang til mail og sms som blir motteke. Ønsker du melde deg av e-postliste med informasjon om kva senteret har av tilbod etter kurset er avslutta så ver vennleg å gi beskjed pr. mail til meg. Ein nyttar autorisert regnskapsførar til å føre regnskapet.

Bookings