Undervisninga er bygd opp med ein pedagogisk struktur for kursforløpet, med ein jevn progresjon slik at du roleg blir teke med på ei reise inn i yoga.

Klassisk Yoga.  Denne yogatradisjonen handlar kort fortalt om å forene kropp og sinn til ei samla einheit der ein utviklar ei djup forståing av eigne handlingar og behov. Dette er både ei fysisk og mental praksis der målet er ein sterk og sunn kropp og eit klart sinn.

Dette er eit kurs for deg som er helt ny til yoga, eller for deg som ønsker å repetere og fordjupe deg i dei grunnleggande teknikkane.

I dette kurset jobbar vi med enkle yogastillingar som bidreg til å løyse opp stress i kroppen, det blir tøying og styrke av musklar og ledd som er med å auke blodsirkulasjonen i heile kroppen. Du vil også bli introdusert til Solhilsen – Surya Namaskara, ein enkel dynamisk sekvens.
Du vil lære gode pusteøvingar, avspenning, konsentrasjonsteknikkar og enkle meditasjonar.
Dette er gode verkty for å finne ro i ein hektisk kvardag.
På eit grunnkurs lærer du alle grunnleggande teknikkar og øvingar, men likevel vil kvart kurs ha nye element i seg og opplevast forskjelleg. Dei fleste blir med både 2 og 3 ganger på eit grunnkurs før dei ønsker å gå vidare til eit fortsetjarkurs.

Tid: Tirsdagar fom. 25.01 – 15.03,  Kurstid: 1,5 klokketime kl. 19.30 – 21.00. Om koronarestriksjonane vedvarer forskyv vi kurset.

Stad: «Gamlepakkhuset» på senteret, Døvingssida 10.

Påmelding: Fyll ut «Booking» på sida her og du vil motta ein automatisk mail. I tilegg får du tilsendt ein velkomstmail. NB! Det er 1 plass ledig til dette kurset!

Pris/betaling: Du betalar kr. 1600,- til vipps nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711. Merk kva kurs du blir med på.

Ta med: Yogamatte, eit pledd og ei pute, ev. drikkeflaske.

Det blir 1 m mellom mattene og viktig ingen møter om ein skulle ha symptom på influensa.

Velkomen!