#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 31/01/2022 - 21/03/2022
19:45 - 21:15

Kategorier


Så snart samfunnet opnar att så startar nytt kurs i klassisk yoga for deg som har litt erfaring frå før. Det blir på måndagar, 8 gonger.

I fortsetjarkurset blir det ei fordjuping og meir fokus på kvar enkelt teknikk. Programma blir meir variert og avansert enn på grunnkurset, men tilpassa nivået i gruppa. Det blir gode rolege klassiske øvingar som ein øver opp å halde litt lenger, men også flytsekvensar  – dynamisk yoga.

Yoga er eit godt reiskap mot stress, bygg styrke og fleskisibiltet i kroppen samstundes med mental utvikling. Du vil lære avanserte og djuptverkande pusteteknikkar, avspenning som yoga nidra, konsentrasjon og meditasjon.

TID: 31.01.22 kl. 19.45 – 21.15.

STAD: Døvingssida 10, Valldal.

PÅMELDING: Fyll ut Bookings nede på sida her. Du vil motta ei kvittering for motteke påmelding og etter kvart ein mail med litt meir informasjn.

PRIS/BETALING: Betaling = bindande påmelding. Kr. 1600,- til vipps tlfnr. 90570674 eller bankkontonr. 40602663711.

 

Velkomen!

 

Merete

 

Bookings