Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 13/01/2020 - 11/05/2020
18:20 - 19:50

Kategorier


På dette kurset vil vi gå djupare inn i yoga stillingane og passar for deg som har prøvt yoga før. Du vil lære fleire gode yogastillingar, pusteøvingar og meditasjonar. Utøvelse av yogastillingane vil du forfine og kunne koordinere meir med pusten, merke forskjel mellom stillingar vi held i lenger tid for å forløyse spenningar og trenge ned i muskulaturen og dei meir lette dynamiske øvingane som gir flyt og energi. Yoga handlar om både å akseptere no-et, bli bevisst seg sjølv og sine mønster like mykje som å redusere stress, gi meir ro og harmoni inne i ein. Du vil etter endt kurs også ha eit godt grunnlag for din eigen yogapraksis.

TID: Oppstart veke 3. 13. januar kl. 18.20 – 19.50.

STAD: Grendasalen i Stordalshallen.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)

PRIS: Det blir 12 kurskveldar før påske og 4 etter, tilsaman 16 kveldar (med atterhald nok påmeldingar). Du kan ta timane når det passar deg i løpet av dei 16 kurskveldane, eller i ei av nabobygdene det går kurs.

8 gongar kr. 1500,-                               13 gongar kr. 2200,-

9 gonger kr. 1650,-                               14 gongar kr. 2350,-

10 gongar kr. 1750,-                             15 gongar kr. 2500,-

11 gongar kr. 1900,-                             16 gongar kr. 2650,-

12 gongar kr. 2030,-

Drop in kr. 210,- pr time.

BETALING: = sikker plass på kurset. Kontonr. 40602663711, merk #Yoga20″ eller

VIPPS bedrift: «Kjøp og betal», #531222 » Yoga» «antal gonger» «Bekreft» «Betal»  og vipps! får du ein grøn V.

Om ein ønsker delta på flest mogleg kveldar, men har behov for å dele opp summen i to innbetalingar er det berre å ta kontakt så ordnar vi det.

Ta med eiga matte, pledd og pute.

Bonus: Du som er med 8 gonger eller meir får 20% på yin yoga kveldane som blir arrangert i Valldal eller Stranda undervegs i kurset.

Velkomen!

 

Bookings