Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 15/01/2020 - 06/05/2020
17:00 - 18:30

Kategorier


 

På dette kurset vil du lære mange gode yoga øvingar som er gode for både skjelett og rygg, senkar stressnivået og mjukar opp kropp og sinn. Dei store fordelane med yoga er meir ro, energi og klarheit. Kurset vil passe for alle som er nye til yoga eller har gått på eit grunnkurs før og ønsker utvikle sin yogapraksis i eit roleg tempo.

Du vil lære grunnleggande yogastillingar, meditasjon og pust som du kan gjere på eiga hand etter kvart. Mange opplever meir smidigheit, styrke, glede og betre søvn i livet sitt ved å praktisere yoga jevnleg.

Ei typisk yogaøkt:

Kort avspenning, enkel pusteøving, yogastillingar, større pusteøvingar, meditasjon eller avspenning.

Nedre aldersgrense 15 år.

Alle velkomne.

TID: Oppstart veke 3. 15.januar kl. 17 – 18.30 Pause veke 6.

STAD: Pi-bygget, 3dje etg. i lokala til RawReklame.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)

PRIS:

PRIS: Det blir 11 kurskveldar før og 4 etter påske. Delta på så mange timar du ønsker. Kjøper du 8-11 gongar må alle timane takast før påske. Dei 4 kveldane etter påske blir ei samla gruppe av grunnkurs og fortsetjarkurset. Kjøper du 12-15 gongar kan du spreie timane utover til 6.mai. Du kan fordele timane utover vinteren, når det passar deg i løpet av dei 15 kveldane på Stranda, Stordal eller Valldal.

Før påske: 15.1 – 1.4                             Etter påske: 15.4 – 6.5

8 gongar kr. 1500,-.                               12 gongar kr. 2030,-.

9 gonger kr. 1650,-.                                13 gongar kr. 2200,-.

10 gongar kr. 1750,-.                              14 gongar kr. 2350,-.

11 gongar kr. 1900,-.                              15 gongar kr. 2500,-.

Drop in kr. 210,- pr time.

PÅMELDING: Fyll ut Bookinga nederst på sida her og skriv antal gonger du ønskjer delta.

BETALING: Betaling = sikker plass på kurset. Kontonr. 40602663711, merk #YogaH20″ eller VIPPS bedrift: «Send», nr. 531222 » Yoga» «antal gonger» «Bekreft» «Betal» og du får ein grøn V.

Kjøper du f.eks. 8 kveldar og finn ut du rekk 10 så betalar du berre diferansen mellom 8-10 gongar. I Vipps ein open post under «Yoga».

Om ein ønsker delta på flest mogleg kveldar, men har behov for å dele opp summen i to innbetalingar er det berre å ta kontakt så ordnar vi det.

Ta med eiga matte, pledd og pute.

Bonus: Du som er med 8 gonger eller meir får 20% på yin yoga kveldane som blir arrangert undervegs i kurset på Stranda eller i Valldal.

Velkomen!

Bookings