#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 21/09/2021 - 09/11/2021
19:30 - 21:00

Kategorier


Det blir no høve til å delta på eit 8 gongar kurs i klassisk yoga for deg som har prøvt litt før og som ønsker utvikle din yogapraksis vidare. I klassisk yoga jobbar vi med djupe stillingar som gir meir fleksibilitet, styrke og blanse i heile kroppen. Det blir også ein del flytsekvensar som solhelsing mm.

Yoga tek vare på kropp og sinn, styrkar immunsystemet, forbetrar lungekapasiteten og senkar stressnivået i kroppen. Men det viktigaste er kva yoga gjer og betyr for den enkelte. Ei økt vil typisk innehalde yogastillingar (asanas), gode pusteøvingar (pranajamas), avspenning og meditasjon.

Tid: 21.09 – 09.11, kl. 19.30 – 21.00.

Stad: Merets Garden.

Pris/påmelding: Kr. 1600,- for 8 kveldar. Meld deg på vi bookinga nedanfor og stadfest påmeldinga ved å betale inn kursavgift til vipps mob.nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711. Merk «yoga».

Går du glipp av ein kveld blir det ein oppsamlingskveld den 16.11.

Om du vil delta kun på enkelttimar kostar det kr. 230,- pr gong.

Utstyr: Eiga yogamatte og pledd.

Covid-19 førebuande tiltak: Har du symptom på forkjøling eller influensa skal du ikkje delta før du er symptomfri/veit du er frisk. Om du ønsker kan du få opptak av ei yogaøkt tilsendt på mail via zoom (det blir ikkje opptak eller direktesending av/i kurset).

Velkomen!

Merete
Yogalærar

Bookings