Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 22/06/2019 - 23/06/2019
11:00 - 17:00

Kategorier


Ei helg som handlar om samhandling, kommunikason og konfliktløysing. Er du god til å formidle dine eigentlege behov eller ønsker du lære det og mange andre gode verkty for å betre relasjonen til din nærmaste, til å utvikle gode parforhold, hindre misforståelsar og leve eit liv fylt med meir kjærleik?

Korleis ordlegge seg for å dempe ei gryande konflikt istaden for å eskalere, er eit av mange tema vi er innom denne helga som vi også ønsker skal vere ei helg fylt av kjæreik. Dette er jo sjølve St.Hans helga som vi i tillegg skal feire saman med grilling og lauging med friskt bjørkaris i saunaen, for den som ønsker.

Kristin og Merete er kursleiarar og gler seg til å formidle eit viktig og alvorleg tema med humor og varme.

Kristin Evje er sexolog og terapeut og har sin praksis  i Ålesund. Jobbet i mange år med både single og par. Ho vil undervise i kommunikasjon uttrykt med respekt og kjærleik.

Merete er utdanna samtaleteraput frå ID-Academy i Danmark og vil formidle eit ikkje-voldeleg språk som ikkje provoserar. Eit språk der ein brukar egne oppfatningar utan å tolke den andre sin eigentlege intensjon. Det er nemleg i  denne tolkninga ein provoserer kvarandre.

Lær: – aktiv lytting, å uttrykke din ønsker og behov og betre komunikasjon.

Passar for både par, single personar, for alle som jobbar med menneske.

Dykk bur i telt med plass til to personar, også eitt einmannstelt. Gode senger, lyden frå elva vil gi den djupe gode søvnen og ei flott oppleving.

Søndag blir det vakker chakra meditasjon med amerikanske Kaiya Ansorge som er på ferie i området denne helga.

Meir om programmet følgjer snart.

Ca. Pris: Kr. 3500,- inkl. alle måltid, 1 overnatting, undervisning og meditasjon søndag ( frivillig for den som ønsker).

Velkomen!