#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 16/11/2021 - 16/12/2021
18:00 - 19:30

Kategorier


Eit nytt tilbod innan yoga for nybegynnerar startar opp her på senteret i november, tirsdagar kl. 18.00 – 19.30, 6 gongar. For å bli ferdig i god til før jul legg vi siste kurskvelden til torsdag 16.12.  Kurset passar nybegynnerar samt litt øvde som ønsker halde vedlike sine yogaferdigheiter.

Yoga er godt dokumentert reduserer stress, gir meir ro og energi. Samstundes er yoga ein god måte å jobbe med vondtar i kroppen på.

Du vil lære grunnleggande yogaøvingar (asanas), gode pusteøvingar (pranajamas), avspenning og meditasjon.

Dei aller fleste kan vere med på yoga. Generell god helse og ønske om å bli betre til å ta vare på seg sjølv – fysisk som mentalt, lære gode stressforebyggande teknikkar og bli ven med kroppen sin er eit godt utgangspunkt.

TID: Tirsdagar fom 16.11 kl. 18.00 – 19.30. 6 gongar. Siste kurskveld torsdag 16.12.

UTSTYR: Eiga yogamatte, pledd og pute.

PRIS/PÅMELDING: Kr. 1200,-. Betaling via vipps til tlf. 90570674 eller kontonr. 40602663711 ved påmelding. Fyll ut bookinga nedanfor, og du vil motta ein velkomenmail like etterpå.

Det er viktig å setje av tid til å delta på alle kveldane for å få godt utbyte, særleg dei 3 første. Det er ikkje høve til å delta kun på enkelttimar på nybegynnarkurset.

Covid-19 førebuande tiltak: Har du symptom på forkjøling eller influensa skal du ikkje delta før du er symptomfri.

Velkomen!

Merete
Yogalærar

Bookings