#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 22/09/2021 - 10/11/2021
17:00 - 18:15

Kategorier


Det blir no høve til å starte på eit nytt yogakurs onsdagar fom. 21.september kl. 18.00 – 19.15, 8 kveldar. Kurset passar nybegynnerar samt litt øvde som ønsker friske opp sin yogapraksis.

Du vil lære grunnleggande yogaøvingar (asanas), gode pusteøvingar (pranajamas), avspenning og meditasjon.

Dei aller fleste kan vere med på yoga. Generell god helse og ønske om å bli betre til å ta vare på seg sjølv – fysisk som mentalt, lære gode stressforebyggande teknikkar og bli ven med kroppen sin er eit godt utgangspunkt.

TID: Onsdagar fom 22.9 –  10.11, kl. 17.00 – 18.15. 8 gongar.

STAD: RawReklame, Pi-fabrikken, Bankgata 14, 3dje etg.

UTSTYR: Eiga yogamatte, pledd, ha ledig tøy på.

PRIS/PÅMELDING: Kr. 1400,-. Betaling via vipps til tlf. 90570674 eller kontonr. 40602663711 ved påmelding. Fyll ut bookinga nedanfor, du vil motta ein velkommenmail like etterpå.

Det er viktig å setje av tid til å delta på alle kveldane for å få godt utbyte, særleg dei 3 første er viktig. Det er ikkje høve til å delta kun på enkelttimar på nybegynnarkurset.

Men går du glipp av ein kveld kan du delta på eit «oppsamlingsheat» 17.november.

Covid-19 førebuande tiltak: Har du symptom på forkjøling eller influensa skal du ikkje delta før du er symptomfri. Om du ønsker kan du få eit opptak av ei yogaøkt tilsendt på mail via zoom (Det blir ikkje opptak eller direktesending via zoom under vegs).

Velkomen!

Merete
Yogalærar

Bookings