Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 23/03/2020 - 11/05/2020
16:00 - 17:00

Kategorier


Velkomen til eit online kurs i klassisk yoga. Ta deg tid til å lære denne over tusen år gamle metoden til å oppnå meir bevisstheit, klarheit og ro. Finn eit roleg hjørne i heimen og forestil deg at du er ein av dei som ligg på ei av mattene på biletet og blir med på yoga og avspenning for kropp og sinn saman med fleire andre. Det er mange gode verknader av yoga, både mentalt og fysisk. I vesten melder mange at dei kjenner seg stive og stressa, og det heng ofte saman. Regelmessig utøving av yoga verkar på så mange måtar på oss, og alle kan kjenne effekta på forskjelleg vis. Det viktige er kva DU merkar det gjer godt for deg.

Vi skal gå gjennom:

  • Avspenning
  • yogaøvingar
  • meditasjon
  • pusteøvingar
  • yoga nidra (dybdeavspenning)
  • zen meditasjon
  • mindfulnessmeditasjon

Gevinstar:

  • Ro
  • Klarheit
  • Energi

I tillegg den gode kjensla inne i og mange fleire helsefordelar.

Ved å vere med på dette kurset vil du lære grunnleggande yogastillingar som du etter kvart kan ta i bruk når det måtte passe deg sjølv. Du kan stille spørsmål under vegs. Kvar episode vil ligge tilgjengeleg eit par veke fram i tid. Oppstart 23.3, men spelar ikkje så mykje når du kjem til då kvar kurskveld blir liggande ei stund. 8 gongar.

Søk på fb: Meretes Garden – Nybegynnarkurs i klassisk yoga & meditasjon

Det blir posta aktuelt stoff også mellom kurskveldane, og det kjem små ekstra godbitar live som t.d. nedstressande avspenningar og enkle og effektive meditasjonar.

Pris: Kr 450,- pr pers/husstand.

Betlaling: Vipps bedrift nr. 531222 «Online grunnkurs yoga». «Live» kurs kvar måndag kl.16.00, 60 minutt, 8 måndagar framover, eller sjå det når det måtte passe deg ( 9 veker fram i tid).

Namaste

Merete ( 1000 t yogalærarutdanning)