#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 27/10/2020 - 15/12/2020
19:30 - 20:45

Kategorier


Bli med på 8 kveldar med online yoga på zoom. Yoga heime via skjermen er rett så koseleg. Enkelt også, du loggar deg berre inn på zoom og registrerar deg. Så får du får tilsendt ei lenkje og klikkar på den, vipps er du inne i yoga online og du kan legge deg ned på matta di og vente på guiding i meditasjon, pusteøvingar, avspenning og sjølvsagt mange mjukgjerande og styrkande yoga asanas (stillingar).

Det blir 8 kveldar med 75 min yoga som passar deg som har prøvt litt yoga før. Ein treng minmalt med forkunnskapar, det blir detaljert guiding inn i kvar stilling. Det beste er om du har på kamera på, men det er frivillig. Med kamera på syner du i ei lita rute øverst på skjermen og  læararen får fulgt deg opp, samstundes som du kjenner betre du er med i gruppa,

Ein ekstra 1/2 time personleg veiledning (verdi kr. 450,-). Avtal tid om du vil ha eit enkelt yogaprogram som er tilpassa deg.

Opptak: Du kan melde deg deg på heile kurset og få to opptak tilsendt om du ikkje kan møte online. Opptak kun på forespørsel.

Tid: 27.10 – 15.12. Kl. 19.30 – 20.45.

Pris: Kr. 1320,-, 8 tirsdagskveldar.  Betaling: Kontonr. 40602663711 – merk «zoomyoga» eller vipps nr. 531222 – «Online yoga».

Drop- in: Kr. 180,-. Påmelding seinast kl. 16.00 same kveld.

Påmelding: Via booking nede på sida her.

Velkomen!

 

Merete

Bookings