Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 23/02/2019 - 24/02/2019
01:00

Kategorier


Drøymer du om å gjere hyggelege ting saman med likesinna? Er du singel og ønsker oppleve noko utanom det vanlege, reise vekk, ete god mat, prate, lade opp batteria med spa? Då er dette eit arrangement for deg. Du er velkomen til ei uformell kome-saman – helg for single i Valldal. Vi møtast på bygdas inn-stad Kafè Under Taket og blir litt kjent medan vi et lunsj og smakar på nydeleg kaffi av sjølvaste barristo og zulukunstnar Mussi. Her kan du også sjå på kunstutstilling, acrylmåleri av norsk natur sett med afrikanske auger. Så dreg vi på spa til Meretes Garden på Døving der vi brukar heile laurdagskvelden i det nye badehuset på garden. Ei stor vedfyrt sauna med vindauger til vakker natur innbyr til sosialt samvær der kropp og sjel får lauga seg. Vidare kan du bestille massasje, ta saltscrub eller berre slappe av i ei varm atmosfære. Vi bestiller pizza og du får servert frukt og snacks. Tilbake på hotellet kan du nyte ei stund i den nye flotte loungen.
Søndag få du servert nydeleg frukost og vi tek farvel.

Passar for: Menn og kvinner.

Desse møter du: Evy Otterlei er tantrisk massør. 4 personar kan nyte denne unike velgjerande masssasja. Agata Zuch vil gi god klassisk massasje. Kristin Evjan er sexolog og samarbeider med innehavar av spaet, Merete Myklebust, om arrangementet.

Betaling: Overnatting kr. 995,- pr pers. Dobbeltrom kr. 1395,-. Betaling direkte til hotellet.
Sauna og opphald badehus inkl. handdukar, scrub, frukt, kaffi/te, snacks  samt pizza kr. 550,- pr person.
Massasje kr. 400 – 600 pr person.

TID: 23 – 24. februar.

STAD: Valldal. Meretes Garden/Valldal Fjordhotell/Kafé Under Taket, Kulå bowling (pizza).

PÅMELDING: Fyll ut informasjonen i bookinga nederst på sida her. Du får ein mail om meir utfyllande informasjon om betaling og opphaldet like etterpå.

Velkomen!

Bookings