Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 24/04/2019 - 05/06/2019
18:30 - 20:00

Kategorier


Dette kurset blir eit forløp på 7 onsdagkveldar med yoga der ein kveld vil bestå av fysiske øvelsar, pusteøvelsar og til slutt meditasjon eller avspenning. Her vil du lære gode puste- konsentrasjons-og meditasjonsteknikkar og program som er sett saman slik at du oppnår heilheit i kropp og sinn. Etter ein kurskveld vil du merke større kjensele av nærvær og kroppsbevisstheit.

Det er mange grunnar til å utøve yoga. Det kan vere å bli litt mjukare og fleksibel i kroppen, kjenne ro og harmoni. Yoga er i tillegg eit viktig verkty til større bevisstheit om seg sjølv og korleis ein nyttar tida og hjelp til å sortere alle inntrykk vi blir utsett for i løpet av dagen.

Kurset passar best for deg som har prøvt litt yoga. Du treng eiga yogamatte, pledd og pute.

Tid/kl: 24.4, 01.5, 08.5, 15.5, 22.5, 29.5, 5.6.   Kl. 18.30 – 20.00.

Stad: Pi-bygget, 3dje etg. RawReklame sitt studio.

OBS! 5. mai blir det ein ekstra kveld med yin yoga kl. 18.00 -20.00. Kr. 350,- pr person, kr. 280,- for kursdeltakarar med 6 og 7 klipp.

Yogalærar: Merete Myklebust.

Påmelding: Fyll inn bookinga under med namn, mail og tlfnr.

Betaling: Vipps (bedrift) «Betal» #531222 «yoga». Bankkontonr. 40602663711 merk «yoga».

7 gongar kr. 1312,-.

6 gongar kr. 1140,-.

5 gongar kr.  950,-.

4  gongar kr. 800,-.

Drop- in kr. 210,-.

Velkomen!

Bookings