Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 06/03/2020 - 08/03/2020
Hele dagen

Kategorier


Etter ein lang vinter så kan det gjere godt med ei helg med påfyll av energi, kome saman med andre og koble ut kvardagen med yoga og meditasjon. Dette blir ei helg med høve til å fylle på kontoen for egenpleie, forebygge stress og kroppsvondtar mm. Det blir sjølvsagt tent opp i peisen samt i vår store og fine sauna. Ute ligg snøen på denne tida og vi kjøler oss ned i den etter behov:). Den som vil kan ta med ski eller truger og gå lette turar på markene rundt retreatet eller i lysløypa. Vi har 8 sengeplassar innomhus, ma. to plassar oppe i eit lite tårn der du kan sovne til stjernehimmelen over deg eller snøen som daar ned.

Det blir lagt særleg vekt på meditasjon og pust denne helga. Lysmeditasjonen Tratak er særleg fin å gjere i morgonmørket og pranajama- pusteøvingar er gode verkty til å få opp energien samt gir ro. Ved sidan av gode yogaøvingar – asanas, blir det innføring i mudra og bandha som er med på å stimulere energisentra i kroppen vår. I tillegg til klassisk yoga blir det ei deileg avslappande økt med restorativ yoga.

Det blir laga og servert vegetarmat som er nærande, smakfull og lett fordøyeleg. Deltakarane hjelper litt til med servering og rydding.

Sidan alle bur i same hus, blir dette ei spesiell intim og koseleg helg med mykje av både peis- og hjartevarme. Plass til kun 8 stk. så ikkje vent for lenge med å melde deg på.

TID: 6.3 kl. 18.00 til 8.3 kl. 11.00.

Innsjekking frå kl. 16.00 fredag. Yoga kl. 18 – 19.30. Kveldssuppe kl. 20.00. Sauna kl. 22 – 23.

Laurdag er turdag og litt lenger pause midt på dag med høve til å nytte vår fine vedfyrte sauna eller gå ein liten skitur. Du kan leige både ski og truger her. Meditasjon og samling på kvelden.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)

PRIS: Kr. 2500,-. Ønsker ein overnatte ekstra netter kan ein det til redusert pris, kr. 400,- pr natt. Ein bur på tomannsrom.

PÅMELDING: Fyll ut bookinga nederst på sida. Skriv inn namn og adresse. Betal depositum for å stadfeste påmeldinga di (bindande fom 16.2) kr 1000,- til Vippsbedrift «Kjøp og betal» vippsnr. 531222. Resteløp innbetalast seinast 21.2.

 

Velkomen!

 

Bookings