Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 03/02/2019 - 03/03/2019
16:00 - 18:30

Kategorier


Dette er den store kvelden for djup avspenning. I knappe to timar køyrer vi eit roleg yin yoga program som har som mål å løyse opp stramt bindevev, strekke ligamentar og sener rundt ledda og forløyse stivheit og vondtar. Yin yoga er ei litt spesiell yogaform sidan ein held ein strekk i 3-5 minutt. Yin yoga er kjent for å hjelpe spesielt på stress og er gode restorative øvingar som er fine å nytte etter f.eks. trening eller trimturar. Programmet passar for alle enten ein har yogaerfaring eller ei. Etter ei lita pause avsluttar vi med 20 minutt Yoga Nidra på avspenningsmatter av ull. Yoga Nidra betyr bevisst søvn og har ei god avspennande verknad på vårt nervesystem, indre organ og på eit uroleg sinn. Ta deg tid til å kome på ein avslappande søndag her i hagen i mørketida.

Utsagn etter yin yoga kveld: «Å, ka deileg», «Detta trengte eg», «Det gjorde godt», «Gjorde godt-vondt».

Søndag 3. februar

PRIS: kr. 370,- pr person.

TID: Kl. 16.00 – 18.30

Servering av te til slutt.

 

Alle velkomne!

Påmelding via booking nedanfor.

Bookings