Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 09/01/2019 - 03/04/2019
17:00 - 20:15

Kategorier


Grunnkurs og fortsetjarkurs i klassisk yoga der du vil lære deg gode yogaøvingar for å ta vare på kropp og sinn. Kurset heiter Yoga Balanse og ein vil ha særleg vekt på gradvis trene opp god balanse i tilelgg til å gjere yoga øvingar som gagnar heile kroppen. Balansetrening er både gøy og utfordrande, men gir også ei god ro inne i oss. Med balanseøving kjem også styrketrening sidan vi aktiverar heile kroppen i balanseøvingar. Balanse, styrke samt smidigheit er egenskapar som er særleg viktige for oss å halde i hevd. Du vil elles lære mange gode tøyingar og vi vil vidare ha fokus på pust, vår viktigaste kjelde til meir energi og ro. I tillegg arbeider vi med avspenning og meditasjon, gode verkty for å finne ro i kvardagen.

Yoga sit ein i ei tettare kontakt med seg sjølv, ein lærer handtere stress og bekymringar på ein god måte i tillegg til å berre kjenne glede og velvære ved å bruke kroppen.

Mange yogadeltakarar på tidlegare kurs har ma. meldt om betre søvn, meir bevisstheit på pust og kjenner seg meir glad og avslappa etter ei økt med yoga. Yogakurs har ei helsefremjande effekt på oss også fordi det er ein gruppeaktivitet.

FOR KVEN: Grunnkurset vil vere tilpassa heilt nye utøvarar av yoga, men du som har erfaring frå før vil også få utbyte av kurset. På fortsetjarkurset er ein føresetnad du har gjort yoga før og du må ha minimum eitt grunnkurs.

NÅR: Onsdagar 9/1 – 3/4 med opphald 27/2 i vinterferien.

Grunnkurs kl. 17.00 – 18.30.

Fortsetjarkurs kl. 18.45 – 19.15

KVAR: Pi-bygget, 3dje etg. – Raw reklame sine lokaler.

YOGALÆRAR: Merete Myklebust (1000t)

PRIS: 8 gongar Kr. 1500,-

9 gongar kr. 1650,-

10 gongar kr. 1750,-

11 gongar kr. 1900,-

12 gongar kr. 2030,-

Drop in: Du bestiller og betalar din drop- in time via vår app på VIPPS. Kr. 210,- pr 1,5 t. VIPPSNR er: 531222.

Betaling til kontonr. 40602663711 – merk  «yoga» eller Vipps: Velg «Kjøp og betal», søk nummer (Merete Myklebust) #531222, så velgjer du «yogakurs» og antal kveldar du ønsker.

Rabatt: Går du eit kurs på 8 gongar eller meir i vinter får du 20% i rabatt på alle yoga og spa arrangement i Meretes Garden, i Valldal, tom. påske.

PÅMELDING: Meld deg på via booking nederst på sida her. Skriv i boksen kva kurs du ønsker gå og antal gonger. Stadfesting av påmeldinga skjer ved innbetaling av kursavgift. Betaling seinast 15.01. Du får ein mail med meir informasjon om betaling og kurset før oppstart.

Tapte timer må takast att innanfor pågåande kurs semester.
Tapte timar kan takast att i andre bygder eller på andre klassar der det finns.

Velkomen til alle.

Etiske retningsliner: Eg følgjer dei yogiske prinsippa som det å vere open, ærleg og redeleg.
Eg tilbyr ei forsvarleg yogaundervisning med eleven si helse i fokus. Men kvar enkelt har sjølv ansvar for å utøve yoga på ein slik måte at eiga helse/kropp blir ivareteke. Yoga skal utøvast med sunn fornuft, tålmod og ro.

Eg er oppteken av å sikre alle kundar sine personlege opplysningar på ein forsvarleg måte og innhentar kun informasjon fra deg når du bestiller kurs eller kjøper produkt. Det er kun meg som har tilgang til mail og sms som blir motteke. Ønsker du melde deg av e-postliste med informasjon om kva senteret har av tilbod etter kurset er avslutta så ver vennleg å gi beskjed pr. mail til meg. Ein nyttar autorisert regnskapsførar til å føre regnskapet.

 

Bookings