#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 18/05/2024
Hele dagen

Kategorier


 

Mange treng ein digital detox og hjelp til å fokusere, koble ut det vandte kvardagsliv og hente påfyll i ein elles travel kvardag. Kom og bli med oss på tre dagar med yoga og meditasjon, kakaoseremoni, meditasjon i vakker natur, bo i komfortable glampingtelt, sunn og god vegetarmat, sauna og godt fellesskap. Våren fører med seg eit skifte i energien, vi er ute av vinterdvalen, meir uteliv og nye aktivitetar kallar, Eva Julia Krohn frå OmYoga og Merete Myklebust gler seg til å ta imot deg til eit naturretreat i vakre Valldal.

Retreatet er omgjeve av vakker natur  når du søv, et og gjer yoga.

Denne helga blir det:

  • Variert yoga. Klassisk hatah yoga, restorativ yoga, yinyoga og yoga nidra.
  • Kakaoseremoni.
  • Glamping.
  • Tur i skog og mark.
  • Sauna.
  • Tid til å berre vere deg.
  • Vegetarmat.

Det blir servert smakfull vegetarmat, frukt, bær, smoothie og snacks. Deltakerane må rekne med å bidra litt ved servering av måltida.

Vi gjer yoga i eit glasdrivhus med inngang gjennom ein meditativ japansk hage. Vi bur i store glampingtelt med god komfort og vi et måltida på langbord ute eller inn omgjeve av majestetiske fjell. I ei stor vedfyrt sauna kan du kjenne både muskelspenningar og tankegods gje slepp, du vil kjenne deg revitalisert og ny på same gong.

Det blir også gode pausar til å slappe av, gå tur, lese, vere soisal mm. Dette retreatet vil passe for dei aller fleste, også for deg som ikkje har prøvt yoga før.

Til deg som er gjest på Meretes Garden retreat ønsker vi å tilby unike lokalitetar i eit ombygt gartneri. Der det før vaks blomar har vi no yoga i eit glasdrivhus, tett-på-naturen. Drivhuset gir lun temperatur om veret er litt surt. Frå yogalokalet ser du inn i zen-hagen der vi vil meditere eller berre site ned og lytte til vatnet som sildrar i den vesle karpedammen. I fint vèr tek vi yogamatta med ut og gjer yoga under open himmel. Våren på Sunnmøre er ei oppleving av sterke fargar og kontrastar og verdt ei oppleving i seg sjølv. Legg gjerne inn litt tid for å utforske området når du først vel å kome hit.

Her på garden er det helde årlege retreat og workshops sidan 2016. Vår intesjon er å skape eit rom for deg til å vere deg sjølv i, kome som du er, bevege deg med det formål å støtte di reise og etablere ei djupare kontakt med deg sjølv.

Når:  18-20. mai. Innsjekk kl. 16.00. Oppstart kl. 17.00.

Kvar: Meretes Garden, Valldal. Korleis reise hit http vegen til retreatet

Her er programmet, vi kan kome til å gjere små endringar under vegs.

LAURDAG:
Startar kl 17.00. Mjuk landingsyoga.

Middag kl. Ca. 19.00
kl. 20.00. Samling med presentasjon, sette intensjon, forventningar, praktisk informasjon osv.

SØNDAG:
Kl. 07.30 – 09.00 Morgonyoga.
Kl. 09.00 – 10.00 Frukost.

Kl. 10:30 Vandring i naturen  og meditasjon i moseskogen – Vi samskaper.

Kl. 12.00 -13.00 Lunsj + eigantid. Sauna.

15:00 – 17:30 – Yin yoga + kakaoseremoni.

Kl. 19.00 Middag.

Kl. 21.00 Samling m/yoganidra.

MåNDAG:
KL. 07.30  – 09.00 Morgonyoga.
KL. 09.00- 10.00 Frukost.

Pakke og sjekke ut.

KL. 11.00 – 13.00 Yin yoga + mantrasong + dele. Runde av.

Kl. 13 – 14.00 Lunsj.

Vi avsluttar etter lunsj måndag, ca. kl. 14.00.

Du er hjarteleg velkomen til å ta ei ekstra natt på vår glamping camp med sauna på kvelden inkludert i prisen, kr. 600,- pr/pers/natt.

Yogalærarar: Eva Julia Krohn og Merete Myklebust.

Kontaktinformasjon: Om du treng å spørje om noko er det berre å kontakte oss evajkrohn@gmail.com eller life@meretesgarden.no

Pris: Kr. 4100,- for yoga, alle måltid og overnatting.

Påmelding/betaling: Du fyller ut bookings nede på sida her og mottek ei kvittering pr. mail. Du vil også motta ein velkomstmail frå oss. Pris: Kr. 4100,-. Betaling av deltakaravgift stadfestar påmeldinga. Vipps tlf.nr. 90570674 – merk «Yw-24».

Bindande påmelding: Du stadfestar di påmelding ved å betale deltakaravgift ved påmelding.

Må du avbestille kan du gjere det utan forpliktelsar heilt til 050524. Ved avmelding etter denne dato blir det krevd eit administrasjonsgebyr på kr. 1000,-. Ved sjukdom kan ein få gebyr samt kursavgift attende ved framvising av legeattest.

Det er plass til 16 deltakerar. Ein bur 2-3 personar i kvar telt, i gode senger med dyne og ullteppe. Eitt rom innomhus også for 2 personar.

Velkomen til ei fantastisk helg med mykje yoga og kvalitetstid.

Eva Julia og Merete

 

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00