Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 07/06/2019 - 09/06/2019
18:00 - 21:30

Kategorier


Vi inviterer til ei helg med stor variasjon, alt frå roleg yoga og velgjerande sauna til frisk og actionfylt rafting i vakre Valldøla. Yoga i glasdrivhus, sauna med vindauge og forfriskande rafting vil gi deg mange flotte naturopplevingar. Rafting i Valldal passar dei aller fleste, både nybegynnerar og dei som har prøvd rafting før. Du treng heller ikkje ha erfaring med yoga, kyndig instruktør frå Valldal Naturopplevingar og Meretes Garden gir deg god veiledning.

Du kjem fredag og roar ned med klassisk yoga, kveldsmat og hyggjeleg samvær. Overnatting skjer i store bomullstelt stilfullt innreia og med to senger pr telt. Vi har eitt einmannstlt også. Det blir servert smakfull vegetarmat til 3 måltid pr dag. Søndagen blir avslutta med ein liten fjelltur i nærområdet. Denne helga vil du få vere med på noko av det beste vi har av aktivitetar i Valldal og vi trur du vil kjenne deg fylt opp og glad etterpå. Kom like godt åleine som saman med nokon du ønsker ha med, her blir vi uansett ein fin og samansveisa flokk.

I fjor rafta eg sjølv etter mange år utan og tenkte etterpå; «Detta var herleg, så friskt og godt å få vannsprut i ansiktet, så trygt og artig på same tid. Ein skulla rafta ein gong i veka eigentleg!:)

 

Dette vil gi deg energi og gode minner:

  • Yoga og avspenning
  • Vegetarmat
  • Rafting
  • Sauna
  • Fjelltur

BESTILLING: Fyll ut informasjonen i «booking» boksen under. Du får tilsendt mail om praktisk informasjon kort tid etter.

PRIS: Kr. 2700,- inkl. yoga, rafting, alle måltid, overnatting og guida fjelltur.

BETALING: Vipps – «kjøp og betal» #531222 eller be om kontonr. Deltakaren betalar eit depositum, kr.1000,- ved påmelding, og restbeløpet ei veke før aktivitetshelga. Bindande betaling etter 25. mai.

Bookings