#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 22/09/2021 - 10/11/2021
18:30 - 20:00

Kategorier


Det blir no høve til å delta på kurs i klassisk yoga, 8 gongar, for deg som har prøvt litt yoga før og som ønsker utvikle din yogapraksis. I klassisk yoga jobbar vi med djupe stillingar som gir meir fleksibilitet, styrke og blanse i heile kroppen. Det blir også ein del flytsekvensar som solhelsing mm.

Yoga tek vare på kropp og sinn, styrkar immunsystemet, forbetrar lungekapasiteten og senkar stressnivået i kroppen. Men det viktigaste er kva yoga gjer og betyr for den enkelte. Ei økt vil typisk innehalde yogastillingar (asanas), gode pusteøvingar (pranajamas), avspenning og meditasjon.

Tid: Onsdagar 22.09 – 10.11, kl. 18.30 – 20.00.

Stad: RawReklame, Pi-fabrikken,Bankgata 14, 3dje etg.

Pris/påmelding: Kr. 1600,- for 8 kveldar. Meld deg på vi bookinga nedanfor og stadfest påmeldinga ved å betale inn kursavgift til vipps mob.nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711. Merk «yoga».

Om du vil delta kun på enkelttimar kostar det kr. 230,- pr gong.

Går du glipp av ein kveld kan vi ta ein oppsamlingskveld 17.11.

Utstyr: Eiga yogamatte og pledd.

Covid-19 førebuande tiltak: Har du symptom på forkjøling eller influensa skal du ikkje delta før du er symptomfri/veit du er frisk. Om du ønsker kan du få opptak av ei yogaøkt tilsendt på mail via zoom (det blir ikkje opptak eller direktesending av/i kurset).

Velkomen!

Merete
Yogalærar

Bookings