#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 26/05/2023
08:00 - 22:00

Kategorier


Mai og vår betyr yogaworkshop på retreatet her i Valldal. Kom og bli med oss på tre dagar med klassisk yoga, yinyoga, yoga nidra avspenning, vegansk mat, vedfyrt sauna samt godt fellesskap. Eit yogaretreat er ein perfekt måte å starte våren med. Våren fører med seg eit skifte i energien, vi er ute av vinterdvalen, meir uteliv og nye aktivitetar ventar. Under retreatet nyttegjer vi oss vakker natur rundt retreatet både når vi søv, et og gjer yoga – du vil merke det gjer ein forskjel.

Vi gjer yoga i eit glasdrivhus med inngang gjennom ein meditativ japansk hage. Du bur i store glampingtelt med komfort til eit hotellrom og vi et måltida på langbord ute eller innomhus mellom majestetiske fjell og med utsikt til elva Valldøla. I ei stor vedfyrt sauna vi har i badehuset kan du kjenne muskelspenningar og tankegods gje slepp og  kjenne deg revitalisert og ny  på ein gong.

Mange treng ein digital detox og hjelp til å fokusere, koble ut det vandte kvardagsliv og hente påfyll i ein elles travel kvardag. Vi skal difor gjere mykje yoga og meditasjon, men det blir også gode pausar til å slappe av, gå tur, lese, vere soisal mm.

Til deg som er gjest på Meretes Garden  retreat ønsker tilby unike lokalitetar i eit ombygt gartneri. Der det før vaks blomar har vi no yoga i eit glasdrivhus, tett-på-naturen. Drivhuset gir lun temperatur om veret er litt surt. Frå yogalokalet ser du inn i zen-hagen der vi vil meditere eller berre site ned og lytte til vatnet som sildrar i den vesle karpedammen. I fint vèr tek vi yogamatta med ut og gjer yoga under open himmel. Det blir også tid til vandretur opp til ei klostertomt på fjellhylla over Valldal sentrum for den som ønsker det. Våren på Sunnmøre er ei oppleving av sterke fargar og kontrastar og verdt ei oppleving i seg sjølv. Rekne difor litt tid i området når du vel å kome hit.

Meretes Garden er spesielt bygt opp med det formål å fremje harmoni, utvikling, livsenergi og samhald. Filosofien er at koppsbevisstheit gjer ein tryggare som menneske, mental bevisstheit er sentralt for å kunne ta vare på seg sjølv og andre på beste vis. Tanken er også at vi treng oasar til å puste og slappe av i, gode møteplassar som fremjar utvikling, god mental og fysisk helse.

Eg har halde årlege retreat og workshops her på senteret sidan 2016, og min intesjon er å skape eit rom for deg til å kome som du er, bevege deg med det formål å søtte di reise og etablere ei djupare kontakt med deg sjølv.

Du får ma. oppleve dette:

  • Morgon-, midtpådagen- og ettermiddagsyoga.
  • Overnatte i naturen i bomullstelt med gode senger.
  • Ete sunn og smakfull vegansk mat.
  • Vedfyrt badstove.
  • Personleg veiledningstime.
  • Fjelltur med fjordutsikt.
  • Bli kjent med mange hyggelege menneske.

Deltakerane må rekne med å bidra litt ved servering av måltida.

Når: fredag 26 – 28.mai.

Kvar: Meretes Garden, Valldal. Korleis reise hit http vegen til retreatet

Programmet ser ca. slik ut:

Fredag 26.5: Yoga kl. 18.00 – 19.30, kveldsmat, samling. Nattsauna.

Laurdag: Morgonyoga kl. 07.30 – 09.00, frukost, eigatid/tur/lunsj/sauna, yoga kl. 16-18.00, middag, meditasjon.

Søndag: Morgonyoga kl. 07.30 – 09.00, frukost, pakke ut, yoga kl. 11.12.30, lunsj, kl. 14-14.30 samt avslutning og farvel.

Det blir servert smakfull vegansk mat, frukt, bær, smoothie og snacks.

Vi avsluttar etter lunsj søndag, Du er hjarteleg velkomen til å kome til oss før retreatet startar, ei ekstra natt på vår glamping camp med sauna på kvelden og morgonyoga fredag inkludert i prisen, kr. 600,- pr pers/natt.

Yogalærar: Merete Myklebust, utdanna frå Norges Yogalærerskole. 1000 t.

Pris: kr. 3200,-.

Påmelding/betaling: Du fyller ut bookings nedanfor og mottek både ei kvittering og ein velkomstmail frå Merete. Pris: Kr. 3200,-. Betaling av deltakaravgift stadfestar påmeldinga. Vipps tlf.nr. 90570674 – merk «Yw-23».

Bindande påmelding: Du stadfestar di påmelding ved å betale eit depositum, kr. 1000,- for å sikre deg plass. Resterande beløp, betalar du inn seinast 050523. Det er også høve til å betale inn heile beløpet ved påmelding.

Ved avbestilling kan du gjere det utan forpliktelsar heilt til 050523. Ved avmelding etter denne dato blir det krevd eit administrasjonsgebyr på kr. 500,-. Ved sjukdom kan ein få gebyr samt kursavgift attende ved framvising av legeattest.

Innbetalt kursavgift vil ved avmelding bli betalt tilbake. Avbestillingar etter 14.mai vil medføre halvert tilbakebetaling. Ved store uforutsette hendingar som Force Majeur vil heile beløpet betalast tilbake.

 

Velkomen til ei fantastisk helg med mykje yoga og kvalitetstid.

Merete (yogalærar 1000 t).

 

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.