Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 21/05/2020 - 24/05/2020
18:00 - 11:00

Kategorier


Den årlege yogaworkshopen er ein herleg måte å starte våren på her på senteret. I år går den over heile 4 dagar og blir eit lite retreat, frå torsdag kveld til søndag formiddag. Det blir mykje yoga og tid til å ta små turar og nyte den vakre naturen i Valldal og omegn samt ha god tid til seg sjølv og slappe av.

Det blir klassisk yoga, Yoga Nidra (djup og lang avspenning), yin yoga og meditasjon (tratak – lysmeditasjon mm.).

Du bur i våre luftige og stilige bomullstelt som er innreia med gode senger, dyndyner mm.

Vi et vegetar og vegansk mat som du er med å tilreie og dermed lærer å lage mange gode rettar som du får med oppskrift på heim.Vi bakar det populære surdeigsbrødet med valnet, og du kan få kultur med heim. Det blir mykje yoga, og lite ytre stimuli som kaffi, sjokolade, mobiltelefon og alkohol. Denne helga er eit unikt høve til å bygge opp kropp og sinn, reinse og få ny giv i din yogapraksis.

TID: 21.5 kl. 16.00 – 23.5 kl. 11.00

Innsjekking frå kl. 15.00 torsdag. Yoga kl. 16 – 18.00. Kveldssuppe kl. 19.00. Samling og presentasjon kl. 21.00. Sauna kl. 22 – 23.

Fredag vil sjå slik ut: Kl. 07.30 Morgonyoga, KL. 9.15 frukost, Kl. 11.00 – 12.00 yoga, Kl. 13.00 middagslunsj, eiga tid, Kl.16.30 – 18.00 Yoga, KL. 19.00 kvelds, Kl. 21 sauna/samling/meditasjon.

Laurdag er turdag og litt lenger pause midt på dag med høve til å nytte vår store og flotte vedfyrte sauna etter turen. Meditasjon og samling på kvelden.

Søndag: KL. 7.30 – 9.30 yoga, Kl. 9.45 frukost, pakking og farvel.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)

PRIS: Kr. 3700,-. Same pris om ein velgjer vere 3 el. 4 dagar. Ønsker ein kome bu her ekstra netter får dykk rabattert pris, kr. 400,- pr natt. Ein bur i tomannstelt/rom. Plass til 10 personar i telt, 4 personar bur innomhus. Opplys kva du ønsker.

PÅMELDING: Fyll ut bookinga nederst på sida. Skriv namn og adresse. Betal depositum for å stadfeste påmeldinga di (bindande fom 1.5) kr 1000,- til Vippsbedrift «Kjøp og betal» vippsnr. 531222. Resteløp innbetalast seinast 8.mai.

Bookings