Yoga er utvikla gjennom tusenvis av år.
Vår tradisjon kjem frå Bihar School of Yoga i India. I dag har dei universitetsstatus og har eigne forskningsinstitutt og er spreidt utover heile verda.
Kursa vi har i Norge er tilpassa vår livsstil.
Yoga er ingen religion, yoga står åleine og kom først, men både hinduismen og buddhismen har teke til seg element frå yoga.
I yoga jobbar vi med fysiske øvelsar, pusteteknikkar og avspenning/meditasjon.
Dei fysiske øvelsane gir: Fleksibilitet og smidigheit – styrke – balanse.
Pusteøvingane og meditasjonsteknikkane gir: Meir tilstedeværelse og indre ro.
Pusteteknikkar
Åndedrettet speglar din tilstand. Du kjem i kontakt med ditt indre overskudd og psykiske energi.
Det kan gi deg:
- Større følsomheit overfor kroppen.
- Fjerne mentale og kroppslege spenningar.
- Kjensle av meir velvæ
- Meir overskudd.
Pusteteknikkar kan brukast til å transformere tilstandar som:
Rolig – Rastløs – Sløv – Utålmodig – Nervøs
Avspenning
Du lærer enkle korte avspenningsteknikkar som du sjølv kan bruke på eiga hand. I yoga lærer du å finne balansen mellom å vere aktiv og i ro. Du blir også instruert i Yoga Nidra – yogisk søvn. Er ein avspenningsteknikk der ein blir ført til området mellom vakenheit og søvn. Yoga Nidra varer ca 35-40 minutt og gir kropp og sinn ei god pause.
Meditasjon
Vi gjer øvelsar som trenar konsentrasjonen (oppmerksomheita) samstundes som sinnet stilnar og blir avspendt.
Karma yoga – felles arbeid
Som matlaging, oppvask, reingjering og hagearbeid. Noko du gjer saman med andre og for andre med eit større nævær enn vanleg. Dette kan medføre at når du kjem heim frå eit retreat føler ein det lettare å sete i gang med oppgåver og pliktar. Aktivitet skapar energi og handlekraft.