Kurs & yogaretreats

I Valldal Norge, kan du booke eit yogaretreat i Meretes Garden midt i ein av Noregs vakraste dal. Omgitt av fjell og adgang til eksklusivt badehus med spa og finsk sauna, kan du nyte eit kort eller lengre yogaretreat der du kan fordjupe deg i yoga. Leiar for yogaretreatet er Merete Myklebust, som er utdanna yogalærer og psykoterapeut med kroppen som forankring for endring. Her kan du lese om alle dei forskjellege retrata vi tilbyr og svar på mange sprøvsmål du måtte ha. Sjå kalenderen for informasjon om aktuelle kurs og retreats.

Grøne kurslokale

Dei gamle drivhusa er skapte om for å forsterke effekten av ro og nærleik til naturen. Glasdrivhuset er både lunt å opphalde seg i, samstundes som ein opplever nærleiken av elvebruset og fuglane som syng utanfor. Det gamle pakkhuset som vart brukt til pakke tomatar,  blande jord, og plante frø, har også fått ny funksjon som kurslokale, opphaldrom og kjøkken. I det nye badehuset finn du eit tanke-tårn, der du kan meditere og sjå utover landskapet. I badehuset dusjar du og går i sauna også. Både ute og inne i retreatet Meretes Garden er det plass til inspirasjon og kreativitet. Tenk deg å berre kunne roe ned nokre dagar i eit av våre stilfulle innreia bomullstelt omgitt av zenhagemiljø og vakker natur (Booking) Gå turar i nærområdet eller dra på setertur, plukk bær eller bad i elv og sjø. Stille og vakre  omgjevnader gir plass og tid til å lytte til kropp og hjarte.

På eit retreat kan ein koble av frå kvardag, plikter og krav, berre vere seg sjølv og oppdage og utvikle nye kvalitetar. Samle ny energi.

Kvar sommar kan du fordjupe deg i klassisk yoga og meditasjon med yogalærarar Merete Myklebust, utdanna frå Yogalærarskolen i Norge, Yogaprosess AS. Det er jevnleg retreats og yogaarangement her. I midten av mai setter vi flotte glamping telt opp og arrangerer retreats. Du bor i telt med varme og behageleg senger, et god vegetarmat samt reinsar heile kroppen i vedfyrt sauna, bestiller massasje eller kroppsterapi og samtale.

Naturen bugnar av matskattar som kan krydre og gje nære vår daglege mat.

YOGA

Med yoga har du eit reiskap som kan nyttast der du er, ute som inne. Yoga har vist seg å ha gunstig verknad både mentalt og kroppsleg, og det skal ikkje mykje til. Kroppen og sinnet heng saman, når ein mediterar avspenner det kroppen og når ein gjer fysisk yoga reduserar det spenningar i kroppen og ein vil ofte oppleve meir klarheit, indre ro og glede.

Kalender

Yoga i Stordal

Yoga i Stordal

03/04/2024 - 22/05/2024
16:45 - 18:00
Våryoga på Stranda

Våryoga på Stranda

09/04/2024 - 14/05/2024
18:00 - 19:30
Våryoga i Valldal

Våryoga i Valldal

15/04/2024 - 10/06/2024
18:00 - 19:30
Yoga helg og retreat med variert yoga, sauna, glamping og seremoniell kakao

Yoga helg og retreat med variert yoga, sauna, glamping og seremoniell kakao

18/05/2024
Hele dagen