SMITTEVERNREGLAR FOR VÅRE GJESTAR  Vi ønsker du som gjest skal føle deg trygg på at smitterisikoen er så låg som mogleg når du bur hos oss. Vi følgjer Helsedirektoratet sine retningsliner, tre pilarar for smittevern i tillegg til bransjenorm frå NHO:   *God hygiene *Redusert kontakthyppigheit mellom personar *Sjuke personar skal vere i isolasjon/karantene  1.God hygiene: Vi vil reingjere alle telt og oppholdsrom før kvar ny gruppe med gjestar. Alle overflater og kontaktpunkt vil bli vaska og desinfisert. Alle berøringspunkt i fellesareal vil bli desinfisert 3 gongar for dag og etter behov.   For at færrest mogleg treng nytte kjøkkenet til matlaging vil vi i år servere frukost inkludert i overnattingprisen. Gjestar som ønsker lage middag gjer det puljevis ved å skrive seg opp på ei liste. Bruk eingongshanskar eller desinfisering av kontaktpunkt etter bruk. All oppvask vaskast i oppvaskmaskin.    Antibac vil vere tilgjengeleg fleire stader på senteret.   Vi har kjøleskap for gjestar der kvar gruppe får si hylle (merka med teltnr). Det vil ikkje vere tilgjengeleg fellesingrediensar som salt/pepar/ketsjup/krydder/olje ol. i kjøkkenet i år. Vi har kaffemaskin med god kaffi som våre gjestar er velkomne å forsyne seg av gratis, samt varmt vatten til te.   Lån gjerne vår utegrill og et ute så sant véret tillet det. Vi anbefaler også å nytte ein av mange gode serveringsstadar i Valldal.  2.Redusert kontakthypppigheit mellom personar: Vi helsar våre gjestar med ein vink eit “hei” eller namaste:). På vårt senter er det god plass og mykje luft. Vi har nok bord både inne og ute til å halde 1-2 meter avstand mellom grupper. Maks antal personar pr. døgn er 15 stk. Det normale ligg på 4-8 personar pr natt.     3.Sjuke personar skal dere i isolasjon/karantene. Gjestar med symptom på smitte vil bli sendt heim. Ved bekrefta smitte hos tilsett eller gjest, vil smittevask av alle områder vedkomande har oppholde seg samt kommuneoverlege vil bli kontakta.  Du skal føle deg trygg på at vi gjer alt vi kan for at du som gjest skal kunne slappe av under ditt opphald i vår vakre hage i sommar . Merete sjølv har lang erfaring med smittearbeid frå arbeidstida i Mattilsynet og no som miljøarbeidar i helsevesenet.

 

SMITTEVERNREGLAR FOR VÅRE GJESTAR

Vi ønsker du som gjest skal føle deg trygg på at smitterisikoen er så låg som mogleg når du bur hos oss. Vi følgjer Helsedirektoratet sine retningsliner, tre pilarar for smittevern i tillegg til bransjenorm frå NHO:

*God hygiene
*Redusert kontakthyppigheit mellom personar
*Sjuke personar skal vere i isolasjon/karantene

1.God hygiene: Vi vil reingjere alle telt og oppholdsrom før kvar ny gruppe med gjestar. Alle overflater og kontaktpunkt vil bli vaska og desinfisert. Alle berøringspunkt i fellesareal vil bli desinfisert 3 gongar for dag og etter behov.

For at færrest mogleg treng nytte kjøkkenet til matlaging vil vi i år servere frukost inkludert i overnattingprisen. Gjestar som ønsker lage middag gjer det puljevis ved å skrive seg opp på ei liste. Bruk eingongshanskar eller desinfisering av kontaktpunkt etter bruk. All oppvask vaskast i oppvaskmaskin.

Antibac vil vere tilgjengeleg fleire stader på senteret.

Vi har kjøleskap for gjestar der kvar gruppe får si hylle (merka med teltnr). Det vil ikkje vere tilgjengeleg fellesingrediensar som salt/pepar/ketsjup/krydder/olje ol. i kjøkkenet i år. Vi har kaffemaskin med god kaffi som våre gjestar er velkomne å forsyne seg av gratis, samt varmt vatten til te.

Lån gjerne vår utegrill og et ute så sant véret tillet det. Vi anbefaler også å nytte ein av mange gode serveringsstadar i Valldal.

2. Redusert kontakthypppigheit mellom personar: Vi helsar våre gjestar med ein vink eit “hei” eller namaste:). På vårt senter er det god plass og mykje luft. Vi har nok bord både inne og ute til å halde 1-2 meter avstand mellom grupper. Maks antal personar pr. døgn er 15 stk. Det normale ligg på 4-8 personar pr. natt.

Vi vil i år kun ta imot besøk som vil ha omvisning, etter avtale. Kun gjestar som skal bruke våre tilbod vil ha tilgang til alle fasilitetar.

3. Sjuke personar skal vere i isolasjon/karantene. Gjestar med symptom på smitte vil bli sendt heim. Ved bekrefta smitte hos tilsett eller gjest, vil smittevask av alle områder vedkomande har oppholde seg samt kommuneoverlege vil bli kontakta.

Du skal føle deg trygg på at vi gjer alt vi kan for at du som gjest skal kunne slappe av under ditt opphald i vår vakre hage i sommar . Merete sjølv har lang erfaring med smittearbeid frå arbeidstida i Mattilsynet og som miljøarbeidar i helsevesenet.

Velkomen!

Health & wellbeing

Eager to explore Norwegian culture in a unique way? Norwegians love tenting and living close to nature. From my childhood I remember our annual family holiday around in Scandinavia in a tent as the higlight of the year. Preparing simpel food on a primus and eating it outside was a primitive and extraordinary experience. This meory was one of the reasons I went for luxury tents as accommodation to my guests. I just addes the little extra dimension to it as comfortable beds and warm duvees etc so it will fit people in all ages visiting my wellbeing place. And since this is a retreat for relaxation and recharging you can also join yoga and sauna beside meditate in a beautiful japanese garden. Tempted to try? Hope to see you around some time. Namaste.

Innsida ut inn – ei gåve som varer

Innsida ut inn – ei gåve som varer

Når ein skal finne inn til seg sjølv så handlar det i hovedsak om innsida. Vi blir lett villeia til å tru at det er det ytre som tel mest. Men kvifor seier vi at vi skal «finne» inn til noko? Det må no tyde på at det er noko som er gøymt, men at vi veit om det finnest. Vi har hatt kontakt med noko vi likte og var fortruleg med, noko som var «meg». Så kvar blir dette «meg» av? Kvifor og kvar gøymer det seg? Hmm..kan ein samanlikne det med noko verdifullt som ein vil passe så godt på at ein ikkje finn det att til slutt? Eg måtte leite etter passet mitt no når eg skulle ut å reise. Passet er så verdifullt for oss at vi legg det på ein trygg plass slik vi veit det er trygt, men kan finne det lett. Gøymer vi det for godt så slit vi. Vårt innerste, «selvet» – vår kjerne, er noko veldig verdifullt som vi ikkje ønsker andre skal ta ifrå oss. Det dumme er at vi sjølv risikerer å ikkje finn det til slutt om vi gøymer det alt for godt. Sår, skuffelsar, angst, mønster – alle desse sjølvforsvara mot å kjenne på vonde kjensler kan vere faktorar til at vi misser kontakta med vårt innerste. At omgivelsane får taket på kven vi skal vere, gjere og meine. At andre definerar oss. Det kan føre til stress og eit liv utan glede, eit liv der vi heile tida treng stadfesting utanifrå på at vi er gode nok.

Kva med å gi seg sjølv og andre ei fantastisk gåve til jul i år? Ei gåve som varer heile året ved å finne inn til gullet inne i, ta tilbake «selvet» – ditt eigentlege «Eg»? Bli enno meir av den du eigentleg er, la andre få sjå kva du har å by på, krydre ditt eige og andre liv med å vise fleire sider, inkludere istaden for å gøyme ditt inerste vekk og dermed utvide deg sjølv bevisst. Bli meir heil. Det handlar også om toleranse for ulikskap, å våge vise både aksepterte og mindre aksepterte sider av seg sjølv og ta sjangsen på å ikkje miste ansikt eller vener. Det krev mot, men tru meg, samfunnet treng mangfald og folk som vågar vere seg sjølv, ikkje dårlege kopiar av andre.

God julehandel.

Merete

Sauna – ein kul  tur

Sauna – ein kul tur

Å gå i sauna er ein kul tur, syns eg. Det er både forventning og glede knytt opp til det å gå i sauna. Først ein sval dusj, så finne ei god krå eller høgde med passeleg varme, og dernest berre site og la sveitten piple fram av seg sjølv. Du skal site og vere, ingen ting gjere, helst i lag med andre trivelege folk. Det skjer noko med oss når vi kastar to-tre lag med tøy og ifører oss eit handklede og så møtest i dette varme rommet med forventning om at det skal trylle oss om frå anstrengte og slitne verdsborgarar til ein avslappa og reinsa bli – ny – variant av oss sjølv. For det er det som skjer, stress og bekymringar, uro og dårleg humør forsvinn ut gjennom huda saman med sveitten. Alt hovudet er fylt med før fordampar opp i lufta saman med sauna-anden. Ja, finnnane har nemleg sauna ande (ånd), mystikk og mange slags rituale forbunde med det å gå i sauna. Kva er den norske sauna-kulturen? Eg vaks opp med sauna i grunnskulen. Etter gym-en var det ein kort tur innom ei lita badstue ein gong i veka. Ikkje hadde vi lus og var lite sjuke. Mine erfaringar opp gjennom livet har elles vore blanda, ofte for kalde eller for varme badstuer med sviing i nasa.

 

Så blei eg presentert for vedfyrt badstu. Oppe på Venabygdfjellet fekk eg saman med yogalærarklassa nyte badstu 2 g i veka gjennom nesten 4 år. Vedfyrt oppvarming gjorde sviing i nasa fråverande same kor varmt det blei, og eg kunne opphalde meg lenger i den lune varmen. Badstua blei raskt høgdepunktet på vekesopphalda på Jønnhalt kursstad. Etter ein times tid i badstua senka ei ro seg i heile kroppen og ein kom i kontakt med ei god velvære. Saman med yoga blei sauna mine beste reiskap til mental og kroppsleg egenpleie. No står ei romsleg vedfyrt badstu endeleg klar til bruk her på garden. Eg kjenner meg velsigna og meir takksam enn på lenge, og håper mange skal få gode, varme og hyggelege opplevingar i åra framover. Og sauna-kulturen, ja, den kan du og eg vere med på å skape med litt hjelp av finnar og våre eigne behov.

Det gode liv – sommaren

Det gode liv – sommaren

Det er juli og det er sommar, med store forventningar om at det gode liv skal toppe seg med sol, bading, familie og vennebesøk. Klarer eit par månader levere vara? Kanskje korte eller lengre turar for å sjå nye stader og kome seg litt vekk frå det vante liv. Vi er på søk etter noko som skal fylle oss opp, helst heilt opp over øyrene og gi oss minner og opplevingar som vi kan leve lenge på. Det er no vi skal sanke overskudd til å kome oss gjennom vinteren. I min ungdom var det om å gjere å gjere minst mogleg om sommaren, det var det som var ferie. No er det nesten så ein skal gjere mest mogleg. Gir det du gjer glede og energi? Om ikkje er det vekkasta tid, spør du meg. Heldigvis er vinter ganske ok når den først kjem, for elles må sommaren leve opp til alt for store forventningar. Eller må vi stikke fingeren i jorda og erkjenne at kvardagen ikkje var så værst likevel, at jobb og frihelger er sjølve livet?  Det same skjer kvart år, ein skrur opp forventningane og håpar på at noko vidunderleg skal skje (ref. Hauge dikt). Og det kan det, men aller helst vil det skje når du sleppe kontroll og planlegging, når du minst ventar det, når du er i flow med livet og ikkje sit å gnurar på gammalt tankegods…

 

Ha ein riktig fin sommar!

Merete

Dagen i dag

Dagen i dag

Dagen i dag er en merkelig dag.
Den er din.

Dagen i går slapp deg ut av hendene.
Den kan ikke få annet innhold enn du alt har gitt den.

Dagen i morgen har du ikke noe løfte på.
du vet ikke om du kan regne med å råde over den.

Men dagen i dag er det eneste du kan være sikker på.
Den kan du fylle med hva du vil.
Benytt deg av det.

I dag skal du glede et annet menneske
I dag kan du hjelpe en annen.
I dag kan du leve slik at noen i kveld er glad for at du er til.

Dagen i dag er en betydningsfull dag.
Den Er Din.

Georg Brandes

Med dette vesle vakre diktet vil eg ønskje alle eg kjenner og enno ikkje kjenner eit godt nytt år. Eg kjenner meg oppglødd i dag og vil rable ned nokre ord. Eg syns tida rundt nyttår er ei tid ein tenkjer godt og klart. Mange av oss har vore vel ei vekes tid utanfor den vante kvardagstralten og brillene er pussa reine av både latter, tårer og samtalar med vener og familie. Ein har hatt tid til å tenke dei tankane som ikkje har hatt rom til å bli tenkt før, kanskje kjeda seg litt også? Det kjennest for mange som om «møkka» blei att i fjoråret og at vi no kan starte med nye blanke ark. Etter ein månads tid er vi kanskje tilbake i vandte takter, men kva gjer det eigentleg? Det er ei god hjelp med nyttårsskiftet, men i praksis kan det nye vi ønskjer i livet vårt ta plass no, no og no! Alt som skjedde for 10 minuttar sidan er alt historie og vart det sagt eller gjort noko då som vi no har ei betre løysing på, ja, så kan vi ta fram den og starte manifestere det nye i livet vårt. For vi menneske er født til å utvikle oss. Det skjer både kroppsleg og mentalt enten vi vil eller ei. Men kor gode er våre omgivelsar og vi sjølve til å akseptere endringar? Forstå at ikkje alt som var trygt og kjent nødvendigvis er det beste for oss. Det er faktisk når vi bevegar oss utanfor komfortsona vi kjenner vi lever mest. Ein må ikkje oppsøke monsterbølgjer eller stå ute på eit stup for å kjenne det sitre i magen, den kjensla kan vi merke ved å oppdage noko nytt i oss sjølv eller i omgivelsane rundt oss. Det krev nærvær, men det kan vi øve opp. Om vi prøver å starte på nytt kvar dag, utan ei historie, så vil ein oppdage der ligg eit hav av spanande og livgivande moglegheiter, rett framfor skotuppen. Akkurat no.

Ryggen på godt og vondt

Ryggen på godt og vondt

Mange har vondt i ryggen ein stad. Årsakene til vondten er forskjelleg, og ikkje alltid veit vi kvifor det har blitt slik. Ryggen som held armar, bein og hovud saman, midtpunktet i kroppen som vi kjenner så godt men sjeldan ser. Er det fordi vi ikkje kan sjå ryggen vår den ofte er så vond? Det er ialle fall vanskeleg å blåse på når det stikk eller verker der bak. Men vi kan gjere mange gode øvelsar for å halde ryggen smidig og sterk. Kvar dag, ja mange gongar for dagen, skulle vi gjere noko godt for ryggen vår. Strekke oss som ein katt, løfte ei hand, ein fot, krumme og svaie ryggrada, ligge flat på eit golv, stå å vri og svaie på overkroppen. Gi ryggen den merksemda den fortener – tenk om vi i Noreg sang «Ja, vi elskar ryggen vår». Sjølv gjer eg ryggøvingar på kjøkkenet medan eg ventar på teen bli ferdig, eller på tur langs elva. Denne ryggserien er min favoritt og vil anbefale den for dagleg ryggpleie, alle eller nokon av dei:

Svaiende palme: Stå med skulderbrei avstand mellom føtne. Flett fingrar framfor kroppen, vri handflate ned, løft strake armar opp over hovudet, svai med overkroppen frå side til side, la hovud følge med bevegelsen ut til sidene. Ca. 8 g.

Vinkelstilling: Stå med skulderbrei avstand mellom føtne. Løft armane over hovudet, slepp i handleddet framover, bøy deg framover så du står vannrett med overkroppen, armane fram langs med øyrene, strekk ryggen. Løft opp og senk armane ned. Gjenta 2g.

Dobbelvinkelstilling: Stå med skulderbrei avstand melom føtne. Flett fingrane bak på ryggen, bøy framover, løft armane opp og framover hovudet, trekk skulderblada saman, gi slepp i nakken, pust, legg armane ned på baken, rett opp, slepp armane. Gjenta 2g.

Firfotstilling: Løft armane opp over hovudet, bøy handledda bakover, bøy deg framover og set handflatene i golvet ca. 20 cm framfor deg. Fordel vekta likt på hend og føt, strekk ryggen, løft hovudet og kik fram, senk hovudet, fordel vekta tilbake på føtne igjen og løft så overkropp og armar opp igjen, senk armane ned langs med kroppen.

Katten: Stå på alle 4. Du slepp hovud ned mellom armane og krummar ryggrad, svaiar ryggrad og ser opp. Svai og krum med fokus på ryggrada, roleg, virvel for virvel. x 6

Det går fint med fri pust under vegs. På yogakurs lærer du å koordinere pusten saman med øvingane samt fleire detaljar til øvingane.

Fordjupe seg

Fordjupe seg

Det er haust og faktisk syns eg zen-hagen er på sitt vakraste no. Dei mange nyansane i grønt kjem godt fram, meir mjuk mose, som er velkomen i ein zen-hage, og no hausten er det meir tid til å setje seg ned og nyte det som gror. Merke «nu»-et, summere opp sommaren og tenkje litt framover? Det nyaste her i hagen min er 2 grå kattungar. Søster og bror boltrar seg og er som ein skugge av sirkusartistar som følgjer etter meg der eg går. Dei vil helst ikkje bli fanga, men kome til meg frivilleg. Ha selskap, men vere frie. Ikkje så vanskeleg å forstå den trangen.

Hausten er ei fin tid for å fordjupe seg i ei interesse. Det gir ei kjensle av tilfredsheit å fordjupe seg. Fordi vi ofte er med på mange ting eller skal få med oss mest mogleg, helst ikkje gå glipp- av -noko, og syns ikkje dagane strekk til. Det kan bli rett for mykje av det gode og brått kjenner ein seg sliten og stressa. Hovudet vil så mykje, men kroppen seier stopp. Å velge berre ein eller to ting å fokusere på er samtidig å velge noko anna ifrå. Det kan vere vanskeleg. Sjølv hadde eg stor glede av å fordjupe meg i karate i si tid og no yoga og hagearbeid. Ein oppdagar etter kvart at ein ikkje kan bli utlært, men det gir mykje glede å lære nytt om faget og seg sjølv. Utvikle tolmod, sjå verdien av gjentakelse og innsjå at ein ikkje treng jage etter noko nytt og spennande der framme men tene på å finne gleda i augeblikket.

Ein god haust til deg med mykje tid til det og dei du elskar.

Det viktige møtet

Det viktige møtet

Eg starta på ID-psykoterapeut stuidet i Danmark i 2005. Då visste eg lite kva terapi gjekk ut på, men eg var nysgjerrig på å finne ut kva som påverkar oss til å bli nettopp den vi er. Eg hadde i mange år vore oppteken av personleg utvikling og alltid syntest det var spanande å lære noko nytt. På den 4-årige psykoterapeututdanninga blei vi verkeleg kledt godt på. I klassa øvde vi med kvarandre nesten frå dag 1 og fekk god kjennskap til kor flokar og gode og dårlege opplevingar opp gjennom livet er med på å prege oss. Vi nøsta oss tilbake til barndom, opplevde korleis nærvær her og no kan lege mange sår og blei obs på kor ofte vi lever i fortid eller i framtid og lagar oss historier som ikkje alltid er heilt up-to- date. Ikkje minst lærte vi reiskap til å bryte gamle mønster som ikkje lenger tener oss, korleis spørje inn i  gamle overtydningar for å få ny klarheit og ikkje minst at det meste av vanskelege tankar og følelsar kan jobbast med og gje verdifull innsikt. I løpet av utdanninga hadde eg 10 prøveklientar i eit lengre forløp. På grunlag av prøvklientane, mine eigne erfaringar, aha-opplevingar og gode bøker skreiv eg hovudoppgåva mi som heitte «Vegen heim – og kunsen å navigere i ukjent tereng». Oppgåva handlar om korleis tilknytting til far og mor, eller manglande sådan, i tidleg barndom er med og prege ein heile vegen til vaksen. Korleis vi har det med relasjonar, avvisning, tilknytting i vaksen alder er avhengig av både korleis vi blei møtt og korleis prosessen med å bli meir sjølvstendige gjekk føre seg. Ved å få  større nærheit og kontakt med seg sjølv samt bevisstheit om sine grenser, blir frykt for å gå inn i ein tett relasjon mindre. Vissheit om at ein kan adskille seg ved å seie ifrå eller trekke seg vekk frå den andre, gjer det mindre skremande. Utan ei fleksibel binding blir ein relasjon lett eit avhengiheitsforhold der det er mange uoppfylte behov som kjem i vegen for eit ekte møte mellom to vaksne menneske.

Som tittelen på oppgåva gir eit hint om så er det mogleg å reparere tidlege skader og finne vegen tilbake til seg sjølv. Her kan ein terapeut vere ei god hjelp til å få overblikk og klarheit. Det fine med å jobbe med seg sjølv saman med ein terapeut er at ein ikkje blir gitt råd (som nesten aldri passar ein) vidare får ein 100 % merksemd frå ein som er fullt til stades, og ein er sikker på at det som blir snakka om ikkje kjem vidare. Kjemien mellom terapeut og klient er av det viktigaste for at ein helande prosess kan setjast i gong, i tillegg til eit ope hjarte. Etter eksaminering til ID-terapeut i 2009 har eg praktisert som samtale- og kroppsterapeut i Ålesund og i Valldal. Ønsker du ein prøvetime for å undersøke om terapi er noko for deg må du gjerne ta kontakt for ein uforpliktande time.

Diktet under beskriv så fint eit møte mellom to som føler både band og fråskild på same tid, men er heime i seg sjølv. Det inneber bevisstheit både om livets eksistensielle aleineheit og respekt for kverandre -sin integritet og grenser.

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind
Og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam, og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to. Anten vi møttest titt eller sjeldan var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem fell det meg lett å snu
når eg har stått litt sett mot huset og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil kome iblant Som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her, skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas

Kva med yoga?

Kva med yoga?

I yoga handlar det ikkje om å vere flink eller dyktig. Å lære seg yoga er først og fremst ei personleg reise. Ei oppdagelsesreise i kropp og sinn. Ein måte å øve opp kroppsbevisstheit og gjennom meditasjon bevisstheit i sinnet. Pusten er viktig del av yoga. Pusten er bindeleddet mellom kropp og sinn. Pusten hjelper oss til å betre kontakta til oss sjølve og bringer meir nærvær inn i livet vårt. Ved å ha pusten med klarer vi strekke og halde ei stilling betre, ja, pusten hjelper oss rett og slett til ein meir avspent tilstand kor vi kjenner det er meir fredfullt.

I tillegg er det sjølvsagt dei fysiske gevinstane som betre balanse, styrke og smidigheit. Yoga kan vere godt/vondt, utfordrande men ikkje minst utviklande. Det å meistre noko ein aldri trudde ein kunne gjere med kroppen, å merke det går an å løyse opp i nokre gamle knutar – det er stort det!

Det å kjenne på frustrasjon er ein del av prosessen i det å meistre noko nytt. I yoga meir observerar vi oss sjølve og kva følelsar og tankar øvingane vekkjer enn å handle på det som oppstår i sinnet. Slik kjem vi oss vidare og tek neste utfordring.

Mange har erfart yoga som fantastisk etter nokre få gongar, andre erfarer det går mykje lettare på andre kurset når ein har forstått litt meir kva det handlar om. Vi er forskjellege og det skal vi ha lov å vere. Det er når vi tek fullt ut hensyn til korleis vi har det og kva vi til ei kvar tid kan vi utviklar oss både fysisk og mentalt.

Takk til alle som har vore modige nok til å hive seg på både eitt og fleire yogakurs dei 6 åra eg har undervist yoga her på Sunnmøre. Saman med andre kan vi noko spesielt, meir enn vi kan åleine. Det er ikkje berre alt yoga gjer med indre organ, nervestystem, hormonbalanse, musklar ol. som er bra, det er også det å møtast og gjere noko saman som er sundt og oppbyggande.

Vil sende ei solhelsing til alle med ønske ei riktig god påske.

Merete