Kom og ver med oss på yoga retreat

 

Begynner du å føle deg sliten? Eller treng du eit pusterom? Då kan eit yoga retreat vere svaret.

I Valldal Norge, kan du booke eit yogaretreat i Meretes Garden midt i ein av Noregs vakraste dal. Omgitt av fjell og adgang til eksklusivt badehus med spa og finsk sauna, kan du nyte eit kort eller lengre yogaretreat der du kan fordjupe deg i yoga. Leiar for yogaretreatet er Merete Myklebust, som er utdanna yogalærer og psykoterapeut med kroppen som forankring for endring. Du kan lese meir om Merete og Meretes Garden her: Din yogalærer og retreatleiar

Dagsretreat, helgeretreat eller en heil vekes retreat. Du vel det som passar din kvardag best.

Meretes Garden tilbyr fleire typar retreat, heile året rundt. Det kan vere eit helgeretreat, eit dagsretreat eller eit lenger retreat opp til ei veke. Tilbod om lange retreat finn du særleg i mai og juni. Eller i sommerferien der du sjølv bestiller ei veke med glamping og yoga. Dei korte yogaretreata blir arrangert og tilbode fortløpande, heile året. Sjå: Kalender for komande retreats

Er det nokon spesielle krav som deltakerane må oppfylle?

Våre yogaretreat er for alle, uansett erfaring. Undervisninga er tilrettelagt slik at du kan delta, både som nybegynnar og erfaren yogautøvar. De kan kome som par, som singel eller du tek med deg di søster eller mor eller bedstemor under arma og nyte tilbaketrekning og yoga saman. Du kan bruke et yogaretreat som en getaway, hvor du lader opp energien og finner fornyet styrke til hverdagen. Du kan bruke retreaten som et løft til din egen praksis eller et løft for å komme i gang.

Kva type yoga blir det undervist i på retreat?

Yogaen vi utøver her er hovudsakleg klassisk yoga, men vi tilbyr også yinyoga, restorativ yoga, kraftyoga og dynamisk yoga. Klassisk yoga er den yogastilen som flest kan delta på. Det er roleg yoga, det blir gitt nøye instruksjon så alle kan forstå og kome inn i dei enkelte stillingane. Mange av stillingane, asanas, kan utførast på fleire måtar eller nivå – og programma blir tilpassa gruppa. Det er viktig å ta den tida du treng for å lære stillingane grundig før du beveger deg frå grunnleggande yoga til meir avansert yoga.

Er yogastillingane vanskeleg?

Nei. Det er slett ikkje alle som f.eks. ønsker stå på hovudet første gong det blir undervist i ein inversjonsstilling, og då kan ein stå over den øvinga og vente på rett tid, når ein er klar. Yoga handler også om så mykje meir enn å stå på hovudet. Det er eit stort utval yogastillingar å velge mellom og mange gode program som vil hjelpe utøvaren til å utvikle meir fleksibilitet, styrke, balanse og ikke minst gje meir ro og harmoni.

I klassisk yoga kjem kropp og sinn til ro

Mandala av Margit Abrahamsen

I klassisk yoga jobbar vi grundig inn i kvar stillling og kan halde enkelte i lenger tid. På den måten får hovud og kropp tid til å følge kvarandre og ved hjelp av pusten som bindingsledd vil du kjenne deg meir på plasss i deg sjølv, ein kjem også djupt inn i muskulatur, ledd og ligament blir strekt og ein frigjer knutar og stivheit på ein skånsom og organisk måte. Yoga skal vere ei motvekt til det raske tempoet som er i samfunnet elles, yoga skal hjelpe deg til å sette ned tempoet, finne ro og tid til å merke seg sjølv. Yoga betyr union – altså å forbinde. Hovud, sinn og kropp blir forbunde og du vil lettare kjenne deg autentisk og fri til å leve livet meir som du kjenner er rett.

Alle retreat inneheld avspenning- og pusteøvelsar for kroppen

Klassisk yoga legg vekt på god avspenning og pusteøvingar. Ei lang og djup avspenning som påverkar deg som utøver både på eit ubevisst og bevisst plan, heiter yoga nidra – også kalla yogasøvn. Pusteøvingane er alt frå lett yoga andedrett til meir djupe pranajama pust der ein har med mudra og bhanda – haldningar for å løyse mentale som fysiske blokkeringer, auke energien og gje ro.

Kva kan eit retreatopphald vere for deg?

Eit retreat med yoga og meditasjon gir deg mulegheit for at bryte med kverdagens tankar, stress og bekymringar. Du kan gje heilt slepp medan du blir helde i anda til den tilbaketrekking som jo eit retreat er. Å delta på eit retreat er noko mennesker har gjort gjennom alle tider. Men i dag er det ikkje kun munkar, nonner, buddhistar eller anna godtfolk som mediterer og søker fordjuping. I dag har også heilt alminnelige mennesker bruk for å dyrke den ro og pause retret gir når du tek deg tid til deg sjølv.

Våre beste tips til eg som ønsker prøve eit retreat for første gong:

  • Velg eit retreat på ein stad du har lyst å besøke
  • Reis når du er klar, det kan bli lenge å vente om du skal vente til ein ven eller partnar er klar også.
  • Kontakt yogalæreren og luft dine spørsmål om du er i tvil om noko.
  • Tenk litt over kva du ønsker eit retreat skal gi deg; Er det for å friske opp din yogapraksis, lære yoga for første gong? Eller for å få litt tid for deg sjølv, tid saman med ein ven og koble av?
Eit retreat er ei nærande pause for både kropp og tankar

Det oppstår ei tenkepause eller ei pause der du blir stille nok til å tenke meir klart. Yogaen får deg ut av hovudet og ned i kroppen. Du kan kome i kontakt med nye idéar, inspirasjon og enda finne løysningar på noko du kanskje har pusla med lenge. Derfor kan eit kort eller lenger retret vere eit godt tips på ein annleis ferie som er godt for både kropp og sinn – møter med nye mennesker frå nært og fjernt med same formål og innstilling – det er eit spanande arbeid med ein sjølv og det gir ei god ro som følger med deg etter retreats.

 

 

Kva fasilitetar finnest på retreatstaden?

eventyrlig overnatting møre romsdal

Du treng kun å ta med eiga yogamatte for å delta, då vi har både avspenningsmatte, pledd og pute til utlån. Kjem du langtifrå f.eks. med fly og ønsker minst mogleg bagasje så hjelper vi også med å ha klar ei god yogamatte til deg. Du må berre tenke på å kome i komfortable og lausttsitjande klede slik at du kan bevege deg fritt. Vi har salg av yogautstyr: du kan kjøpe (økologiske) yogaklede og deilege såper mm. når du kjem.

Yogaretreat om sommaren i Valldal

Om sommaren møtest vi i det gamle drivhuset på garden der du gjer yoga og samtidig har utsikt til fjella, høyrer vatn sildre og får ei annleis yogastund på yogamatta – beskytta frå vèr og vind.

Overnatting, kjøkken og utandørs liv om sommaren
Frå mai og ut i september flyttar vi utanfor i glamping telt med gode senger, store rom der 3-4 vaksne personar kan bo saman. Tilsaman er det plass til 16 personar på retreat sommaren. Om kvelden kan de grille mat utanfor eller berre site hygge dykk rundt bålpanna. Når sola har gått ned bakom fjella er det tid for eit velgjerande opphald i badstova, om ein likar saunaaktivitet. Ønsker ein kjøpe ferdig middag er det kort veg å køyre til nærmaste kafé. Ellers har vi eit godt utstyrt kjøkken for våre gjestar som innbyr til matlaging.

Yogaretreat om vinteren i Valldal

Vi flyttar yoga innanfor og har plass til 9 personar på våre mini vinterretreats. Det har blitt populært å ta ei helg vekk for å koble ut kvardagen, finne tilbake til kontakt med seg sjølv, friske opp sin yogapraksis eller legge vekk mobilen og nyte det å vare utilgjengleg, finne fokus att. Stress og mørketid, lav energi – yoga er eit reiskap og vi klarar meir får vi gjer det saman.

Overnatting, kjøkken og utandørsliv om vinterenI vårt lekre badehus er det pass til 6 personar for overnatting. På våre dagsretrat går det fint å ta ei natt her og forlenge opphaldet, kose seg ved prisen, lage seg litt mat og vakne utkvilt i gode senger. I Valldal er det godt med oppkøyrde skiløyper om du vil nyte snøfylte Valldal med ski på beina.

Retreats for deg som finn inspirasjon i naturen
Retreatet Meretes Garden ligg naturvakkert til. Det er dirfor opplagt å kombinere ditt retreat med korte eller lengre vandreturar – eller andre friluftsaktivitetar i naturen som Valldal byr på. Avhengig av kva sesong du kjem, og kor lenge du blir her. Er du ikkje frå området kan du lese meir om aktivitetar i området her: Valldal.no

Eg kjende meg berre så avslappa, fredfull og i kontakt med meg sjølv att etter miniretreatet i februar» – tidlegare deltakar.

Stilleretreat og arbeidsretreat er også mogleg

Meretes gard er ein opplagt stad å booke eit lenger opphald på hvis du har eit kreativt projekt du skal fordjupe deg i. Omgivelsane er perfekte til eit stille retreat eller arbejdsretreat – eventuelt kombinert med yoga. Her har kreative sjler og kunsterar funne vegen og henta inspirasjon og arbeidsro, sidan senteret opna i 2010. Det gamle vesle drivhuset er som skapt til å måle i og har fungert som ateliè i mange samanhengar, Loungen inne i badehuset er innreia harmonisk i jordfargar og med delikate lokalt produserte kvalitetsmøblar (divan, teppe og palle er Slettvoll) som du lett slapper av og finn arbeidsro i. Bileta på veggane er laga av danske kunsternarar med meditativ, alvor og humoristisk touch.

Kontakt Merete eller sjå retreatkalenderen for 2024

Vil du vite meir? Ring no og få ein prat med Merete om yogaretreat for deg, dine venninner, arbeidsplass eller familie. Telefon: +47 905 70 674. Eller send ein e-post til life@meretesgarden.no


Sjå aktuelle og komande yogareteat her: kalender for yoga


Du kan følge våre aktivitetar og retreats på Facebook og Instagram – eller via vårt nyhendebrev.