#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 21/12/2024
15:00 - 19:00

Kategorier


Vår store fine sauna har vore flittig brukt dei 7 åra den har eksistert. Ein betre måte å gå inn i helga på er vanskeleg å finne.

Velkomen på førjulsspa i badehuset på Døving. Laurdag 21.desember, kl. 15.00 – 19.00. Vi fyrer opp i badstova og inviterer alle på eit avslappa førjulsspa.
Ope for kun kvinner kl. 15.00 -17.00, open for både kvinner og menn frå kl. 17.00 – 19.00.
Her er to omkledningsrom med dusj, eit allrom til å slappe av i, servering av gløgg, handduk, epsomsalt – scrub (kr. 30) og vatnpåslag med eterisk olje.
Nedkjøling mellom rundane i sauna i innedusj eller kaldkulp ute.
Å ta eit saunabad er både avslappande og hyggeleg sosialt når ein er saman med fleire. Ein legg vekk telefonen og er til stades i no-et, senkar stress i kropp og hovud, aukar velværekjensla/endorfinnivået, stimulerer blodomlaupet og sauna verkar faktisk slankande.
Stad: Meretes Garden, Døvingssida 10.

Påmelding: Til e-mail  life@meretesgarden.no eller mobilnr. 90570674.

Pris: Kr. 340,- pr person.
Alle velkomen!