Om Meretes Garden

Meretes Garden er eit idyllisk velvære – og retreat senter som tek imot gjestar på overnatting, yoga og spa. Senteret er omgjeve av vakker natur – elv, mark og skog. Her er hage, uteplass med grill og solstolar.

Meretes Garden ønsker å bidra til eit berekraftig reiseliv. For vår del betyr det å ha fokus på å ta vare på naturen og omgjevnadane på best mogleg vis. Gjennom å etablere hagar og dyrke mat utan bruk av kjemiske sprøytemiddel, plante vekster som insekt treng for å trivast, gjenbruk av bygningar, kildesortering mm., er vi med på å ta vare på jordkloda vår.  Vi har bygt gjestehus med bruk av mest mogleg naturlege materiale og etablert glamping camp med økologiske bomullstelt som gjestane kan bu i frå mai- oktober.

MERETE MYKLEBUST

Merete har har vakse opp på garden og steg for steg bygt opp senteret slik det framstår i dag. Ho har ein variert bakgrunn frå utdanning og arbeid innan matteknologi til psykoterapi og yoga. Det å jobbe med menneske har utgjort ein stor del av livet. Merete har også ei påbygning som gruppecoach og likar å kalle seg gründercoach. Vekst og utvikling er spanande enten det er på det personlege eller materielle planet. Ho tek sine eigne erfaringa frå det å jobbe fram prosjekt med inn i eit coachingforløp med klientar som ønsker starte opp eiga verksemd.  Merete har gått gjennom sitt eige utviklings- og bevisstheitsforløp hos Margit Madhurima Rigtrup ved Consciousheart senter i København. Arbeidsdagen på eit senter er variert, og på fritida går tida med til hagearbeid, båtliv, fjelltur, styreverv og kanskje prøve ut nye matoppskrifter – særeg vegetarmat er spanande å prøve ut.

Valldal – The Adventure Valley

Berekraftsmål – “Å sørge for trygge, tilfredsstillande og rike opplevingar for alle turistar uavhengig av kjønn, rase, funksjonshemmingar eller andre faktorar.”

For at våre gjestar skal få det beste ut av opphaldet sitt her inne i fjorden kan vi anbefale ei heil rekke av aktivitetar og gode spiseplassar for våre gjestar. Vi likar å samarbeide med gode tilbyderar av forskjellige tenester. Alt innan naturbaserte aktivitetar får du hjelp til hos Uteguiden i Valldal. Vi anbefaler klatreparken Valldal aktivitetspark for deg som vil ha ein herleg dag oppe i ei zip line mm. På Kulå bowling kan du sjølvsagt bowle, men også ete god pizza og GO’2 burger. Prøv ein god a la carte middag på Valldal Fjordhotell eller besøk Vikingstova for god mat og drikke på Blåtind Boutique Hotel som ligg fredeleg til på Stavsengfjellet.

Workshops og retreat

Vår og haust kan våre gjestar delta på workshop eller retreat som har heile mennesket i fokus. Yoga, kajak, fjelltur, vegetarmat og sauna gir deg høve til å stresse ned, bruke kroppen og kjenne på velvære. Nyt også stunda i ein sjarmerande hage eller gå ein liten tur langs elva.

Når du bur på vårt vakre retreat får du meir enn berre ei overnatting! Unike omgjevnader er skapt ut av eit tidlegare gartneri. Ein gjer yoga i eit glasdrivhus og lagar mat på eit kjøkken i det tidlegare pakkhuset der ein før pakka tomater og blomar.

 

Teltovernatting

Glamping – Overnatting i romslege bomullstelt er eit populært tilbod for alle som likar campe i kombinasjon med komfort. Campen består av 5 telt og ligg med grøne marke og skog rundt seg. Her kan du ta eit saunabad i vår store fine badstove eller vere med på morgonyoga i eit glasdrivhus. Det er høve til å lage sin eigen mat her. Ope heile sommarsesongen, mai – september.

Vinterhalvåret kan du leige ei romsleg leilegheit med alle spafasilitetar tilgjengeleg.

Berekraft

Den flotte naturen som omgir oss er ei gratis kjelde til energi, livsglede og overskot. Det er her i naturen det er lettast å vare mindful, finne ro og vere i nu-et. Å tilby teltovernatting, yoga og mindfulness ute gir meg stor glede i jobben. Ved å vere tett på naturen er det vitenskapeleg bevist at vi får del i helsegevinstar som senka skuldrar, tenkjer klarare og finn lettare ro i sinnet. Det er viktig vi forvaltar denne gåve på rett måte. På Meretes Garden er berekraftig drift og turisme i sentrum ved ma. å ivareta balansen i naturen. Menneske er ein del av naturen og naturen ein del av oss.

Senteret er sertifisert Miljøfyrtårn.

STADEN

Meretes Garden ligg i jordbærbygda Valldal, kjent for sine majestetiske fjell, grøne åkrar og brusande elv med mektige fossefall. Du er kun 30 minutt køyring fra Trollstigen og den djup blå Norddalsfjorden er kort veg unna når du bur hos oss. Vi ligg like ved inngangen til UNESCO Verdsarvområdet Geirangerfjord og Tafjord.

HISTORIA

Garden Myklebust har historie gjennom tre generasjonar. Det var bestefar til Merete som kjøpte og bygde opp garden der Merete er vaksen opp. Den gongen vart det dyrka grønnsaker og halde dyr. Bestefar var eventyrar og hadde sju born. Han drog til Alaska på gullgraving som so mange andre i bygdene rundt fjorden på den tida, og kom tilbake med kapital nok til å bygge opp sin eigen gard og ein syltetøyfabrikk saman med bror sin. Her blei dei rike bærressursane frå bygda vidareforedla. Nils, far til Merete, utdanna seg til gartnar og bygde opp gartneriet på garden i 1953. Det er dette som i dag står der som retreat senteret Meretes Garden. I drivhusa vart det dyrka tomatar og agurk. Dufta og smaken av varme tomatar er gode barneminner som har inspirert Merete til å dyrke sjølv. Det vart og dyrka kål, gulrot og jordbær til eige bruk og for sal i gartneriet. Både vaksne og born var involvert i drifta heile året, og i 1988 vart det bygd nytt drivhus. Merete tok over gartneriet i 2009 etter at drifta vart avslutta. Ho ønskte å ta med seg minner om ein vakker og fruktbar stad, og gjere det om til ein oase for personleg vekst. På same måte som både far og bestefar fulgte draumane sine og dyrka interessa for det som veks og gror, har dette behovet også fulgt Merete, om enn i ei noko anna form i dag enn den gongen. Og du kjenner det i det same du stig inn på tunet. Kjensla av ro og nærleik til naturen. Ein oase der skuldrane naturleg vil senke seg og sinnet opnar seg.

FASILITETAR

Fellesrom

Det tidlegare pakkhuset, der ein før pakka tomater og blomar er no blitt kjøkken og opphaldsrom. Rommet er lyst og i nordisk stil med mykje bruk av tremateriale. Her er ma. eit gammalt golvskap laga av brukte materiale, originale retrostolar laga i nabobygda Stordal, ein eigen ladestasjon der du kan lade elektronikk, spabutikk og informasjonstavele. Utgang til hage og drivhus.

Badehuset

Stod ferdig i 2017 og rommar bad, garderobe, toalett og sauna. Eit behandlingsrom for coaching, terapi eller massasje er her også.

Kva med ein tower power nap? Ei vindeltrapp fører deg opp i eit lite tårn i badehuset. Her kan du slappe av på madrasser under ein ospehimmel med vindauge i alle fire himmelretningar. Vinterstid kan ein til og med overnatte her. Du vil sove din søtaste søvn med stjerner som blunkar deg god natt og sjå siluetten av høgreiste fjell i det fjerne.

 

Lounge

I badehuset finn du ein lounge med komfortable  Siesta stolar og Slettevoll divan du kan slappe av i, lese ei bok eller berre la tankane fare. Rommet er estetisk innreia med eikegolv og peisild for å fremje både livskraft og ro. Visste du at eik er symbolet for livskraft og styrke? Du finn dessutan ein kaffiautomat her som også har tevatn ogmuggar til vatn og plastglas til bruk i saunaen. Frå vindauget er det utsikt mot urtehage og grillplass.

 

Det gamle pakkhuset

Rommet er på cirka 40 kvadratmeter og har ei stille og lun atmosfære. Det er lagt nytt linoleumsgolv og veggane med bjelkar er måla kvite. Rommet er nakent men stemningfullt og blir nytta til kurslokale heile sommarhalvåret frå mai til oktober.

Den japanske hagen

Hagen er etablert i det som står att av murar frå det gamle glasdrivhuset. 200 kvadratmeter er gjort om til ein oase som er grøn heile året, og inviterar til å sitte i fred og ro. Hagen er fint balansert med elementa jord, ild, vatn og luft. Karpedammen med rennande vatn og ei fint bua bru over er sjølve perla i hagen. I hagen kan du ligge i ei swinge eller site i ein komfortabel korgstol, gå zen-walk, nyte synet av fisken og lytte til lydar av vatn og fuglar.

Glasdrivhuset

Har eit heilt spesielt lys og gir kjensla av å kome tett på naturen. Ein ypperleg stad for kreative workshops, atelier og yoga i sommarmånadane mai til midten av september.

Yoga og mindfulness

Merete er utdanna yogalærar frå Yogalærerskolen i Norge (1000 t) og tilbyr klassisk yoga til gjestar på dagsbesøk eller overnatting, midfulnessmeditasjon og meditative turar i naturen. Yoga klarnar sinnet, forbetrar pusten og gjer oss sterkare i kropp og sinn. Meditasjon tilfører større nærvær i kvardagen og er ein god måte å sortere tankar og følelsar på.

Gullåna bad

Vi ønsker også å gi deg kjensla av litt luksus i kvardagen. I vår SPA avdeling kan du nyte litt ekstra og pleie deg sjølv. Ein vedfyrt sauna gir ein spesiell varme og hygge. Mange som ellers ikkje trivst i sauna kan finne det behageleg å vere i ein som er vedfyrt. Saunaen har eit vindauge mot nord med utsikt over skogen og dei vakre tindane som omgir Valldal. Vatnet i spaavdelinga kjem frå ei kjelde på fjellet Ormula som ligg rett overfor Meretes Garden. Kjelda heiter Gullåna og her renn det friskt fjellvatn med historie heilt i frå Olav den Heilage si tid ned til badeavdelinga. Sagnet seier at då Olav kom, gøymde bøndene ein gulvkalv opp i vatnkjelda på 1400 meters høgde. Den skal visst ligge der enno og vil kun bli funne av 7 brør. Du ser opp på Ormula og Gullåna frå badekar og badstu. I Gullåna er det også lagt til rette for ein salt scrub eller god japansk skrubb. Du sit på ein trekrakk og såpar deg godt inn, skrubbar, og kan skiftevis helle kaldt og varmt vatn over deg frå ei trebøtte.  Ei heilt spesiell kjensle og du får gang i blodsirkulasjonen.

Meretes Garden er sertifisert som Miljøfyrtårn

Fordi vi ønsker å ta vare på den vakre jordkolden vår. Godt for verda, godt for menneske, tenker vi.