Finsk sauna
Saunaen i Merets Garden er eit smykke i seg sjølv. Den er bygt opp på staden av lokale snekrarar som verkleg har lagt sjela si i utforminga. Det legg du merke til når du studerer detaljane i dette vakkert utsmykka og handsnekra rommet. Materialet er av lokal osp og totalen kan gje eit kvart spahotell bakoversvei. Saunaen varmar vi opp på ekte finsk vis. Det vil seie med bjørkeved. Den reinsande varmen kan de nyte med full utsikt til høge fjell på andre sida av elva som renn forbi campen.
Ved å veksle mellom kulde og varm sauna vil det bli sett i gong ei helande sveitteutsondring og du vil kjenne deg avslappa og harmonisk etterpå.
Dessutan er det store vindauger som gir ei god naturopppleving når ein er her på dagtid. Vår sauna er romsleg, og du vil kjenne du kan slappe av og la varmen omgje deg.
Vekslinga mellom kulde og varme er ma. kjent for å stimulere blodomlaupet, setje fart i produksjon av endorfinar, styrker immunsystemet og gir velvære.
Å opphalde seg i ei vedfyrt sauna er ei spesiell oppleving
Like viktig som å varme seg opp i saunaen er det å ta seg gode nedkjølande pausar. Hos oss kan du kjøle deg ned enten ved å ta ein dusj, få din partnar til å helle kaldt vatn over deg med våre cedertrekar medan du sit på ein ekte kjapansk trekrakk eller rett og slett gå utanfor, kanskje til og med ned til elva og kjøle dykk ned om den er passe stor.
Gode påslag av vatn på ovnen gir den gode saunaanden og opphaldet kan nytast og nyttast fullt ut.
Effekta av å veksle mellom varme og kulde gir ein god helseeffekt på heile kroppen. Det er mange godt dokumenterte helseeffekatr ved å å i sauna. Først av alt kvittar ein seg med skadeleg stress og negative tankar, betrar blodomlaupet, styrkar immunforsvaret, drep virus, boostar endorfinane og senkar blodtrykket. Det er også nyleg kjent at eit opphald i badstove kan erstatte ein løpetur på 30 minutt, så i tillegg til den gode velværekjensla så er sauna både slankande og gir betre form.
Badehuset og fasislitetar
Mellom opphald i badstova og utanfor kan ein slappe av i eit kosleg intimt tårn som er kledt i same ospepanelet som badstova og har eit tak som nesten gir ei sakral oppleving. I loungen kan du slappe av i lokalprodusert divan frå Slettvoll på Stranda, drikke vatn og nyte ein kopp tè.
Nytt i år er utedusj og kaldpulp til rask og herleg nedkjøling. Omgjeve av vakker natur finn du ein veggmontert dusj og stamp like utanfor badehuset. Om du ikkje ønsker gå ut, har vi to dusjanlegg og eitt badekar tilgjengeleg i badehuset. Om vinteren er snøbad er mange sin favoritt for nedkjøling.
I tillegg til sauna er det fotbad, badekar. Ein fin måte å kjøle seg sakte ned mellom rundane i sauna er å site i loungen og ta litt å drikke. Med andre ord er det høve til å hygge seg inne som utanfor saunaen.
Sauna er ein herleg avslappa stad å vere sosial
Det er noko med å site halvnaken saman i ei varm sauna – du er på likefot. Her spelar det inga noka rolle kva klesmerke, bil eller hus du har, de sit alle mesta i kun Adams drakt – og det gjer noko med heile opplevinga. Du gløymer valkar, rynker og fokus på utsjånad med det same du sit foten innafor døra. Tankane roar seg ned og gjer eit skifte – du berre er til stades i nu-et. Praten går lett og uforpliktande – her er det ikkje tid og rom for dei store diskusjonane.
Store vindauger med utsikt til våre mest populære fjelltoppar i Valldal er heller ikkje å forakte, kanskje får du inspirasjon til å gå opp på Berdalsnibba du ser i det fjerne?
Korleis få best utbytte av eit saunaopphald
Her er våre tips for å få det beste ut av eit saunaopphald:
- Start med å ta ein kjapp dusj før du går inn i saunaen.
- Sit kun så lenge det kjennest behageleg. Veksle heller ofte mellom å opphalde deg inne i varmen og gå ut enn å presse deg til å site lengst mogleg i badstova.
- Aus vatn på steinane som ligg på toppen av omnen.
- Veksle mellom opphald i varme og kulde.
- Ha på minst mogleg tøy på som dekker huda. Det er gjennom huda kroppen sveittar og kjøler deg ned. I vår sauna dekkjer ein seg min. til nedantil.
- Drikk ofte vatn. Alkohol ikkje tillate inne i saunaen.
- Prat med lav stemme inne i badstova. Det er lov å site der utan å prate også.
- Du kan ta saunabad om du er gravid også, berre sit der i kortare tid av gongen.
- Unngå å ete eit tungt måltid kort tid før du går i ei sauna.
- Avslutt opphaldet med ein nedkjølande dusj og sit ned og nyt den gode kjensal av å kjenne seg ekstra rein og avslappa i kroppen.
Bestilling av sauna gjer du ved å kontakte Merete på telefon +47 905 70 674 eller e-mail life@meretesgarden.no.