Unik overnatting og glamping i Møre og Romsdal. Valldal.

Glamping og overnatting i vakre Valldal. Sov i gode, varme og mjuke senger og nyt vårt luksuriøse spa.



Hos oss overnattar du i store fine bomullstelt innreia som førsteklasses hotellrom med komfortable senger og dundyner, populært kalla glamping. Du bur enkelt, stilfullt og søv tett på naturen omgitt av vakker natur. Her er til saman 6 telt med gode pusteeigenskapar, vanntette og regulerer temperaturen godt. Telta har teltgolv og plassert på treplatting. 4 telt har 2 senger og høve til sette inn 2 gode madrasser, 1 telt med 1.20 m seng samt plass til ei ekstra madrass.
Fasilitetane i badehuset er topp moderne og ligg tett på campen. Her finn du dusj, wc og spa tilbod. Også eit moderne gjestekjøkken og opphaldsrom som leiar ut til eit glasdrivhus for yoga. Og vidare herifrå kan du gå ut i ein japansk hage med karpedam. Estetikk og unik atmosfære er stikkord som beskriv heile senteret. Du får med andre ord mykje meir enn berre ei vanleg overnatting når du bur hos oss.
I badehuset som vi kallar Gullåna, har vi også eit vakkert lite tomannsrom til utleige, heile året. Sommarhalvåret deler ein garderobe og opphaldsrom med gjestar på campen. Til saman har vi 6 telt og eitt rom innandørs til utleige sommarstid. Vinterhalvåret har de alle fasilitetar i badehuset på 150 m2 for dykk sjølve. I perioden 1.10 – 10.5 har vi to soverom og eit tårnrom tilgjengeleg og det kan bu 6 personar her og ha alle fasislitetar for dykk sjølve.
Tilbod
Under eit opphald på retreatet kan du nytte deg av gode tilbod innan yoga og spa. Overnattingsgjestar har sauna om kvelden og morgonyoga inkludert i prisen og du kan bestille massasje.
Yoga: Inkludert mån-, ons- og fredagar og elles kr. 200,- pr pers.
Sauna blir varma opp etter forespørsel mellom kl. 17-22.00.
Det er gratis parkering for våre gjestar.
Lading av el-bil: Vi har vi ein stk. 32V elbil-iladar du kan nytte deg av til kr. 80,- pr tilkobling. Vipps til tlf. 90570674.
Pris overnatting
Mai: Kr 1400,- pr telt/rom for to personar.
Juni: Kr. 1450,- pr telt. Bur du 2 eller fleire net får du kr. 200,- i avslag for natt nr. 2,3 osv.
Juli- August: Kr. 1500,- pr telt. Bur du 2 eller fleire net får du kr. 200,- i avslag for natt nr. 2,3 osv.
September: Kr. 1450,- pr telt. Bur du 2 eller fleire net får du kr. 200,- i avslag for natt nr. 2,3 osv.
Ekstra madrass kr. 600,- pr pers.
Born 0-2 år gratis, 3-15 år kr. 350,- pr ekstra seng/madrass.
Prisen inkluderer enkel frukost/sengeklede/ handdukar/såpe/shampoo/sauna/yoga/kaffi/te.
Frukost: Vi tilbyr vi ein fersk liten frukost. Nysteikt croissant, chia- og havregrynsgrøt toppa med heiemelaga müsli saman med frukt, jus og kaffi/te. I helgene også sunn, god og mettande vaffel med heimelaga syltetøy mm.
Vi har eit godt utstyrt gjestekjøkken. Her kan du i fred og ro lage lage din eigen frukost.
Nyheit! No kan du få kjøpt nysteikt calzonepizza hos oss på kvelden. Kr. 157,- pr pizza.
Bestill: Fyll ut skjema under eller via Airbnb.
BOOKING
Booking av overnatting gjer du på vår Airbnb side, eller send ein mail til life@meretesgarden.no.
Nr. 5 – Singel telt, seng 1.20 m
Nr. 6. – dobbelseng /to single i badehuset
Hovudsakleg 2 pers pr telt, men kan suplere med 2-3 gode madrasser.