Dato / tid
Date(s) - 01/10/2025 - 10/12/2025
17:30 - 19:00
Kategorier
På eit kurs vil du lære gode pusteteknikkar både for å roe ned og for å balansere energien. Fysiske yogaøvingar for å mjuke opp og styrke kroppen samt meditasjon for meir klarheit og overskot.
Yoga er ein anerkjent måte å ta vare på kropp og sinn.
Du er velkomen til å delta på eit yogakurs med yogaøvingar, meditasjon, pusteøvingar og avspenning. Kva kan yoga vere godt for?
- Du blir betre til å ta vare på deg sjølv ved å bli meir medviten på eigne grenser, pust og korleis sinnet jobbar.
- Meir klarheit
- Ro og energi
Eg håper mange er klar for å vere med på ein ny runde med velgjerande yoga for kropp og sinn. Du kan velge mellom å kjøpe 9 eller 10 gongar.
Det blir eit opent nivå på kurset, tilpassa både nye og erfarne deltakerar.
Det er ditt ansvar å ta vare på di ega helse og velvære: Lytt difor godt inn gjennom forløpet.
TID: Onsdagar, 01. oktober – 10. desember. Kl. 17.30 – 19.00, 90 minutt.
STAD: Stranda vidaregåande skule, aulaen.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Samstundes stadfestar du påmeldinga ved å betale deltakaravgift til Vipps #531222 (Merete Myklebust) eller kontonr. 39301943419 (merk «Yoga»). Påmelding er bindande. Du vil motta ein mail som stadfestar bestillinga di.
PRIS: 10 kveldar kr. 1950,-, eller 9 kveldar kr 1800,-. Introkveld 17.9 kl. 17 – 19.00, 2 t kr. 250,-.
Hjarteleg velkomen på kurs
Helsing Merete