#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 22/11/2025
11:00 - 16:00

Kategorier


Ønsker du lære mate og ta vare på din eigen surdeigskultur og bake nydeleg brød og rundstykker?

Då er du velkomen til å delta på eit kurs i baking av surdeigsbrød. Merete har baka med surdeigskultur i over 7 år og har baking som lidenskapeleg hobby. Alle som har delteke på workshops, retrat eller overnatta her og ete frukost opp gjennom åra har smakt dei smakfulle og mettande produkta. Det er like spanande å bake kvar gong, du får energi og glede med på kjøpet.

Surdeigsbakst har eit høgt næringsinnhald, god smak, lettare for fordøyelsen (melkesyreaktivitet), er fermentert og stabiliserer blodsukkeret, opprettheld god balanse og bakterieflora i magen pga. brødet er fermentert. Brøda held seg også saftige lenge.

Å bake surdeigsbakst tek litt tid og tolmodigheit, men er veldig artig og givandes.

Kva vil du lære:

  • Mate og halde ved like ein surdeigskultur.
  • Du får med deg ein sterk kultur heim.
  • Hefte med oppskrifter og framgangsmåte.
  • Lage mønster og steike ditt eige brød – som du får med deg.

 

TID: 22.11. kl. 11.00 – 16.00

PÅMELDING: Fyll ut namn og telefonnummer i Bookings nede på sida her. Du får tilsendt ei lenke med informasjon om betaling på Vipps og du er påmeldt når betalt.

PRIS: Kr. 1370,- pr person inkludert lunsj med smak av diverse surdeigsprodukt samt kaffi/tè.

PS! Kun plass til 5 personar, så ikkje vent lenge med å melde deg på.

 

Alle velkomen!

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00