#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 06/12/2025 - 13/12/2025
11:00 - 16:30

Kategorier


Novemberretreat i Valldal med Tina & Merete

Vi ønsker deg velkomen til eit laurdagsretreat med roleg og djup yogastretch, lysmeditasjon og gongbad her på garden i Valldal. Om du er sliten, stressa og treng meir kvile og ro, eller du søker eit varmt fellesskap og treng fylle på kontoen for velvære – så er dette plassen for deg.

 

Denne ettermiddagen får du først vere med på djupe og langsomme yogastretch med Merete si trygge og erfarne rettleiing og Tina som held eit meditaivt klangbad i bakgrunnen. Så blir det Tratak – ein vakker lysmeditasjon som reinsar både auge og sinn og verkar godt på søvn og kvile. Denne spesielle meditasjonen er nydeleg å vere med på no i mørketida.

Etter ein varm og smakfull vegetarlunsj får du vere med på to timar med vakre, helande og djupe vibrasjonar frå Tina sitt gongspel. Medan du ligg på ei behageleg ullmatte vil tonane gå dit i kropp og sinn du treng hjelp til å frigi blokkering, vondtar eller hele sår. Klangen frå gongar, syngebolle og forskjellege lydkjelder, vil appellere til alle sansar, både sinnet (mentalt og følelsar) og til din fysisiske kropp på same tid. Gongbad er ein urgamal seanse som kan minne om massasje og gje ei utrensing av mentale blokkeringar og frosse energi.

 

TID: 06. desember kl. 11.00 – 16.30.
STAD: Døvingssida 10.
LÆRARAR: Tina G. Holmeset og Merete Myklebust.

PRIS/PÅMELDING: 950,- pr person inkl. lunsj, té/kaffi og snacks.
Du melder deg på ved å fyll ut booking nede på heimesida her. Du vil så motta ei innbetalingslenke på vipps som du betalar og stadfestar påmeldinga di.

Det er binande påmelding og betalt billet blir ikkje refundert, men kan selgast vidare.

Ekstra: Ønsker du legge til eit opphald i vår vedfyrte sauna etter endt gongbad så går det bra. Kr. 200,- for 2 t, inkl. handduk.

Overnatting? Vi har to soverom med to senger i kvart til utleie. Kr. 900,- pr person inkl. frukost.

Alle hjarteleg velkomen!

Tina & Merete

.

 

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00